DSC05420
NVG-SILD: M. Ytterstad på veg til Fosnavåg med 1460 tonn NVG-sild. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Godt sildefiske - smått med makrell

Fleire store sildefangstar. Austevoll-båt med rekordfangst med ny not frå Mørenot.

25.11.2021

Det er framleis godt fiske etter norsk vårgytande sild. 27.000 tonn med NVG-sild vart innmeldt sist veke, og denne veka har det gode fisket halde fram, sjølv om det no i stor grad er kystflåten som fiskar.

Måndag vart det meldt inn 3.598 tonn, tysdag 8.830 tonn og onsdag 3.450 tonn.

Over 300 gram
Sildelaget opplyser at 2.700 tonn av silda sist veke vart tatt ute i havet, medan resten kystnært. Ein del større fangstar er tatt i Fugløysundet mellom Arnøya og Vannøy der snittvekten har bikka 300 gram for nokre av fangstane.

Mange av fangstane vert leverte på Nordvestlandet, slik at ddet er lange turar for å levere. Torsdag kom M. Ytterstad frå Lødingen med 1.460 tonn NVG-sild til Fosnavaag Pelagic. Same plass skal Herøy-båten Teigenes levere 670 tonn. Teigenes er no på veg sørover i Vestfjorden, medan Christina E - også frå Herøy - skal levere 1.000 tonn til Global Florø. Christina E. har torsdag ettermiddag passert Stadt.

Medan sildefisket har vore godt, har det siste dagane nesten ikkje vorte tatt makrell, opplyser Sildelaget. Fleire fartøy har framleis att av makrellkvoten.

Rekord
Fleire fiskarar opplyser til NETT NO at det har vore svært mykje NVG-sild å sjå, og det har vorte tatt store fangstar på få kast.

Største fangsten hittil var det Austevoll-båten Slaatterøy som stod for med totalt 2.230 tonn NVG-sild på tre kast.

Denne fangsten vart tatt med ei nyutvikla not frå Mørenot.

Les meir om fangsten her.

Publisert: 25.11.2021 12:30

Sist oppdatert: 25.11.2021 13:16

Mer om