Historia til sjømatselskapet Karsten Flem på Longva strekker seg heilt tilbake til 1910, då med produksjon av olje frå torskelever.
Det var Karl Flem, bestefar til Karsten Stig Flem, som i dag er dagleg leiar, som starta opp.
På 1930-talet starta ein med tørrfisk, og i dag produserer ein og sel både saltfisk og klippfisk, i tillegg til at ein kjøper og sel pelagisk fisk.
I fjor vart det seld pelagisk fisk for 107,0 millionar kroner, i tillegg til salt- og klippfisk for 51,5 millionar
(saka held fram etter tabellen
Karsten Flem | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 158,6 | 167,2 | |
Driftsresultat | 12,1 | 7,7 | |
Resultat før skatt | 12,8 | 7,7 |
Hard konkurranse
Asia er største marknaden, med eit sal på 92,2 millionar kroner, føre Europa med 46,3 millionar.
Selskapet hadde i fjor 12 tilsette. Eigenkapitalen er på 12,8 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 7,7 millionar kroner.
Styret skriv at konkurransen er hard, spesielt frå nasjonale aktørar, men at ein ser lyst på framtidsutsiktene der ein ikkje forventar dei store endringane i 2023.
Selskapet er likt eigd av Karsten Stig Flem og Joachim Johnsen Flem. Dei kan fordele eit utbyte på to millionar kroner etter eit rekordgodt resultat før skatt.
Publisert: 31.05.2023 13:04
Sist oppdatert: 31.05.2023 13:04