Norgesvinduet Bjørlo foto Ogne 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NORDFJORDEID: Norgesvinduet Bjørlo sette nye rekordar i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Godt år frå Eid-bedrift

Sette rekord i både omsetning og resultat.

18.03.2022

Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid selde i fjor meir tredører og trevindu enn nokon gong.

Omsetninga enda på 234,9 millionar kroner, opp frå 217,3 millionar året før.

Resultatet før skatt vart på 19,7 millionar, mot 7,2 millionar i 2020.

Norgesvinduet Bjørlo
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 234,9 217,3
Driftsresultat 19,5 6,3
Resultat før skatt 19,7 7,2

Prispress
Styret skriv i årsrapporten at det framleis er prispress, og sterk konkurranse frå utanlandske aktørar, men at Norgesvinduet Bjørlo har ei sunn finansiell stilling.

Eid-selskapet har historie heilt tilbake til 1918, og er av dei store trevarefabrikkane på Vestlandet.

Selskapet sel det aller meste til norske kundar. Berre knappe sju millionar kroner av omsetninga i fjor gjekk til utlandet.

134 tilsette
Selskapet har 134 tilsette, der 34 er kvinner.

I 2020 vart dotterselskapet Bjørlo Haugen på Haugen lagt ned, og produksjonen samla på Eid. I tillegg har konsernselskapet Berverlo produksjon ved ei avdeling i polske Kocierzyna.

Den samla eigenkapitalen er på 61,7 millionar kroner, medan langsiktig gjeld er på 8,3 millionar.

Roald Starheim er hovedaksjonær med 50 prosent av aksjane, medan sonen Hans-Roger Røed Starheim er dagleg leiar.

Andre aksjonærar er Trude K. Bjørlo har 25 prosent, Beate Bjørlo Bleie 12,5 prosent og Grete Bjørlo 12,5 prosent.

Publisert: 18.03.2022 14:11

Sist oppdatert: 18.03.2022 15:21

Mer om