Gruendere i gong med salet
NYE PRODUKT FOR OPPDRETT: Gründer Even Bringsdal og Createview nyttar mellom anna kamerateknologi i nye måtar å overvake fisken på. 
Nytt

Gründere i gong med salet

Det har kosta nokre millionar, men no er dei i gong med sal av smarte løysingar til oppdrettsnæringa. Samtidig er dei på jakt etter nye folk til Ålesund-avdeling.

Marius Rosbach
22.10.2020
Molde-selskapet Createview brukar kunstig intelligens for å utvikle nye løysingar for oppdrettsnæringa. I fleire år har dei jobba med å utvikle teknologien, som skal gjere det lettare for oppdrettarane å halde oversikt over fisken i merdane.
– No er vi i gong med å selje, og frå neste år reknar vi med at vi vil få ut ein del produkt og at inntektene vil kome, fortel gründer Even Bringsdal til NETT NO.

Millionstøtte frå forskingsrådet

Til no har det vore mest utgifter, og mykje av verksemda har vore basert på forsking- og utviklingsmidlar. Mellom anna fekk dei i fjor.
– Det er komplisert teknologi vi jobbar med, og det har kosta både pengar og energi å kome dit vi er i dag, fortel Bringsdal.
Gründaren har om lag 73 prosent av aksjane i selskapet. Selskapet har henta inn kapital gjennom fleire emisjonar, og mellom anna eig Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) sju prosent.

Opnar avdeling i Ålesund

No vil dei opne avdeling i Ålesund, og er på jakt etter lokalar. I første omgang vil dei vere to tilsette her, men ein tredje person har nettopp fått tilbod om å starte opp.
– Truleg kan det blir fleire på sikt, fortel Bringsdal.
Til saman vil det vere 8-10 personar som jobbar for selskapet når oppbemanninga er ferdig. Avdelinga i Ålesund skal i første rekke drive med sal og marknadsføring, medan teknologiutviklinga skjer i Molde.

Vil telle fisken med teknologi

Createview har utvikla og starta salet av løysingar som gjer at oppdrettarar kan nytte teknologi til å overvake fisken. Ved å nytte kunstig intelligens og avansert maskinlæring, skal oppgåvene blir enklare å løyse, samtidig som fisken får det betre.
– Målet er å få godkjent systemet som ei erstatning for manuell telling, og vi søker Mattilsynet om dette, fortel gründeren.
Dei første kundane har allereie teke i bruk løysinga, og fleire kontraktar er på plass. Bringsdal fortel at tilbakemeldingane så langt har vore veldig positive.

Les også:





Frå neste år reknar vi med at vi vil få ut ein del produkt og at inntektene vil kome

Publisert: 22.10.2020 13:00

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:13