Grande i ny bok Pelsdyrforbodet var ein test
PELSDYRHANDEL: Dåverande Venstreleiar Trine Skei Grande lukkast med å avvikle pelsdyrnæringa i regjeringsforhandlingane med Høgre og Framstegspartiet. 
Nytt

Grande i ny bok: Pelsdyrforbodet var ein test

Tidlegare Venstre-leiar Trine Skei Grande fortel at kravet frå partiet om pelsdyrforbod var «ein ekstra test på kor stor vilje som låg hos dei andre». No legg den siste pelsdyrbonden i Norangsdalen ned drifta.

Administrator
06.11.2020
NPK-NTB-NETT NO: Fredag blir boka «Oppreist» lansert av tidlegare Venstre-leiar Trine Skei Grande. Her fortel Grande om prioriteringane før Venstre skulle i forhandlingar med Høgre og Frp. Her skriv ho at kravet om å avvikle pelsdyrnæringa vart lagt til kravlista som «ein ekstra test», skriv .
– Vi gjekk med vilje lenger enn vi trudde Siv og Erna kom til å strekke seg, fortel ho i boka.
Venstre fekk i regjeringsforhandlingane, først på Jeløya i 2018, så på Granavolden i 2019, gjennomslag for å avvikle pelsdyrnæringa innan 2025.

Legg ned

For 15 år sidan var det 15 aktive pelsdyrbønder på Øye i Norangsdalen fortel Jon Arne Øie Nordang. Like før forbodet vart vedteke var det fem. No er Øie Nordang åleine att. Innan 2020 er omme har også han avvikla.
Miljøet er vekke og fôrkostnadane blir truleg høgare dess færre som driv med oppdrett. Det, saman med låge prisar dei siste åra gjer at han legg ned no i staden for å
Øie Nordang hadde ikkje venta at Høgre og Framstegspartiet skulle gå med på å avvikle næringa.
- Vi vart rimleg forundra då Høgre og Frp gjekk med på avtalen med Venstre.
Øie Nordang har 10 mjølkekyr, og inntektene frå pelsdyroppdrett har vore avgjerande for å oppretthalde mjølkeproduksjonen på garden, seier han. Lønsemda har svinga frå år til år, men i gjennomsnit har det vore eit avgjerande tilleggsinntekt.
Framleis ventar han og andre pelsdyroppdrettarar på ei avklaring på kor stor erstatning dei får etter at næringa deira blei bestemt avvikla, og Øie Nordang trur ikke avklaringa kjem før sommaren 2021.
Han vil utvide turistsatsinga på garden, men seier i kor stor grad det let seg gjere kjem an på storleiken på erstatninga.

Pollestad: - Eit lågmål

Leiar i næringskomiteen og stortingsrepresentant for Senterpartiet, Geir Pollestad, reagerer kraftig på det Grande no fortel.
– Å bruke forbodet som ein test er ein skrekkeleg måte å behandle folk og seriøse næringsdrivande familiar i Noreg på. Det overraskar meg ikkje. Eg hadde ganske låge forventningar til kva Venstre kunne gjere med livet til folk på bygda, men dette er eit lågmål, seier Pollestad til Nationen.
Han seier det mest alvorlege er at Høgre og Frp gav ein siger til Venstre som dei ikkje trong å gi og han seier det truleg ville vorte ei regjering med Høgre, Frp og Venstre, også utan pelsdyrforbodet.

Publisert: 06.11.2020 13:56

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:10