Nytt
Griff Aviaton nominert til teknologi-pris
Droneselskapet Griff Avition i Sykkylven er ein av seks nominerte til prisen "Norwegian Tech Award".
20.11.2018
- Eg er veldig stolt over å vere nominert. Det betyr at vi blir lagt merke til når vi held på å utvikle ein av verdas første industrielle dronar, seier Griff Aviation-gründer Leif Johan Holand.
Griff Aviation lagar store fjernstyrte dronar som blant anna kan brukast til inspeksjon av kraftliner, frakt frå skip til plattformer og sprøyting i jordbruket.
Det er Teknisk Ukeblad som deler ut prisen. Årets utdeling skal skje på eit arrangement i Oslo Militære Samfund 28. november i år. Griff Aviaton og konkurrentane - Nel (hydrogenproduksjon), Zivid (kamera for industrirobotar), AirThing (randonmåleapparat), NSM (militær rakett) og Seabox (avsaltingsutstyr for sjøvatn) - skal presenter seg og sitt produkt på arrangemenet før juryen kårar ein vinnar.
Teknisk Ukeblad lanserer i år også ein eigen teknologipris til maritim bransje. Kven som er nominert der er førebels ikkje klart.

Publisert: 20.11.2018 13:44
Sist oppdatert: 08.03.2023 12:26