Nytt
Grøndahl og Tunold går på børs
Norsk Sjømat og Nergård blir slått saman og børsnotert.
05.10.2020
Norsk Sjømat-eigarane Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunhold, kontrollererer allereie 60,1 prosent av aksjane i fiskeri- og fiskeriindustriselskapet Nergård. No sel den islandske medeigaren Samherji sin aksjepost på 39,9 prosent i Nergård, samstundes som Nergård blir slått saman med Norsk Sjømat-konsernet og børsnotert.
Målet er å vere børsnotert i løpet av fjerde kvartal, i følgje ei pressemelding.
Nergård-sjef Tommy Torvanger blir konsernsjef i det samanslåtte selskapet og Per Magne Grøndahl styreleiar.
Målet er å få inn 700-800 millionar kroner i kapitalutvidinga.
Det børsnoterte selskapet skal heite Norsk Sjømat.
Nergård har ein fiskebåt under bygging hos Vard, opna ny filetfabrikk i fjor og planlegg ny fabrikk for vidareforedling av restråstoff.
I fjor hadde Norsk Sjømat Holding fire milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 329 millionar kroner. Nergård-konsernet hadde tre milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 259 millionar kroner.
Målet er å vere børsnotert i løpet av fjerde kvartal, i følgje ei pressemelding.
Nergård-sjef Tommy Torvanger blir konsernsjef i det samanslåtte selskapet og Per Magne Grøndahl styreleiar.
54 prosent
Grøndal og Tunold vil eige 54 prosent av aksjane etter børsnotering.Målet er å få inn 700-800 millionar kroner i kapitalutvidinga.
Det børsnoterte selskapet skal heite Norsk Sjømat.
Milliardkonsern
Norsk Sjømat Holding-konsernet omfattar i dag vidareforedlingsanlegg på Stranda, aksjane i Nergård-konsernet, 40 prosent eigarskapi Global Fish, som driv pelagisk industri (foredling av pelagiske fiskelslag som sild og makrell) og har datterselskap som videreforedlar restråastoff frå fiskeindustri. Selskapet arbeider og med å etablere eit smoltanlegg i ein nedlagte møbelfabrikk i Stordal og oppdrettsanleg gi Storfjorden.Nergård har ein fiskebåt under bygging hos Vard, opna ny filetfabrikk i fjor og planlegg ny fabrikk for vidareforedling av restråstoff.
I fjor hadde Norsk Sjømat Holding fire milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 329 millionar kroner. Nergård-konsernet hadde tre milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 259 millionar kroner.
Publisert: 05.10.2020 16:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03