Ringstad er midt i arbeidet med å hente inn tre-fire millionar kroner i ny eigenkapital til selskapet Aido.
Målet er å ha gjennomført kapitalutviding innan sommaren. I formiddag presenterte Ringstad selskapet på Åkp-arrangementet "Founders Lunch" i Ålesund. I ettermiddag flyg han til Oslo for å møte moglege investorar der.
"Founders Lunch" er ein møteplass for gründarar og investorar, som møtes den første onsdagen i kvar månad. Dagens arrangement er det fjerde i rekka.
Appen skal kople oppdragsgivar og oppdragstakar på ein enkel måte, og mellom anna spare arbeidsgivarar for tidkrevande telefonrundar når det er behov for vikarar eller ekstra hjelp. Fiskeforedlingselskapet Pelagia brukar appen til å skaffe folk på kort varsel, og har vore med Aido sidan starten i 2016.
Ringstad seier han gjerne ønskjer lokale investorar med på laget og rosar satsing på å utvikle eit lokalt investormiljø.
-Åkp har utvikla seg veldig det siste året med å bygge dette miljøet, seier han.
Målet er å ha gjennomført kapitalutviding innan sommaren. I formiddag presenterte Ringstad selskapet på Åkp-arrangementet "Founders Lunch" i Ålesund. I ettermiddag flyg han til Oslo for å møte moglege investorar der.
"Founders Lunch" er ein møteplass for gründarar og investorar, som møtes den første onsdagen i kvar månad. Dagens arrangement er det fjerde i rekka.
Delings-app
Aido har utvikla ein delingsapp spesielt retta mot vikarar, mindre oppdrag og frivillig arbeid. Både privatpersonar på jakt etter jobb eller som har oppdrag som skal utførast, kan bruke appen. Det kan og bedrifter.Appen skal kople oppdragsgivar og oppdragstakar på ein enkel måte, og mellom anna spare arbeidsgivarar for tidkrevande telefonrundar når det er behov for vikarar eller ekstra hjelp. Fiskeforedlingselskapet Pelagia brukar appen til å skaffe folk på kort varsel, og har vore med Aido sidan starten i 2016.
Rosar utviklinga
Den komande kapitalutvidinga er den første for selskapet, som hittil har konsentret seg om utviklingsarbeidet. Målet med emisjonen er å finansiere marknadsføringsarbeidet som skal skaffe Aido eit solid fotfeste i marknadene.Ringstad seier han gjerne ønskjer lokale investorar med på laget og rosar satsing på å utvikle eit lokalt investormiljø.
-Åkp har utvikla seg veldig det siste året med å bygge dette miljøet, seier han.
Åkp har utvikla seg veldig det siste året med å bygge dette miljøet
Publisert: 02.05.2018 15:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21