Gruender startar godskoeyring paa Raumabanen
LA NED: Green Cargo var det siste selskapet som hadde godstransport på Raumabanen. 
Nytt

Gründer startar godskøyring på Raumabanen

Kan fjerne 10.000 vogntog frå Romsdalen årleg.

Marius Rosbach
18.08.2020

Selskapet Onrail.no vil starte opp med godstransport fem dagar i veka frå neste april, ifølgje Åndalsnes Avis.

Henning Aandal, gründeren bak onrail.no, fortel til avisa at dei vil fylle tomrommet som er oppstått på Raumabanen.

- Eg veit det er mykje gods som fraktast inn og ut frå fylket kvar dag, og alt går på lastebilar. Når vi startar opp neste år, fjernar vi 10.000 vogntog frå vegane i året. Det betyr mindre klimautslepp og meir trafikksikkerheit. Det er jo ein skam at banen ikkje blir brukt, og ideen blei også meir aktuell då Veslemannen fall i fjor, fortel Aandal til avisa.

Kveldsavgangar
Siviløkonomen har erfaring som gründer og oppstart av bedrifter, og har erfaring frå togmiljøet, mellom anna som lokførar.

Nyheita vil truleg falle i god jord under samferdsleminister Knut Arild Hareide sitt besøk i Ålesund tysdag om Nasjonal Transportplan. Han skal tysdag få høyre kva næringslivet og fylkeskommunen meiner er dei viktigaste utfordringane med transport - og Aandal er mellom dei som kjem med innspel.

Les også: Fjordkryssingar, Raumabanen og sjøtransport

Etter innspel frå næringslivet, er planen å køyre to avgangar kvar kveld i veka – ein frå Åndalsnes og ein frå Oslo. Selskapet har leasa tre tog til strekning og ei har eitt elektrisk lok i reserve.

Arbeid for godstransport i lengre tid
Det har vore arbeidd i lengre tid med å få ny godstransport på Raumabanen etter at drifta blei lagt ned i 2018.

Green Cargo var det siste selskapet som hadde kontrakten med godstrafikk på strekninga. Etter fleire år med underskott.

Regjeringa la i fjor fram forslag om ei støtteordning på inntil tre år for godstransport på jernbane. Jernbaneverket har stadfesta til NETT NO at strekninga vil få støtte.

Les også: Ber om batteritog på Raumabanen

Raumabanen vil få støtte

Trur på grønt lys for godstog på Raumabanen


Publisert: 18.08.2020 08:53

Sist oppdatert: 19.01.2022 22:16