Gruenderpris til Ko Ko
HEIDER: Ko&Ko-grunnleggar Stine Elisabeth Goksøyr flankert av administerande direktør Stig Brautaset og leiar for bedriftemarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre Sigrun Heltne Vartdal.
Nytt

Gründerpris til Ko&Ko

Stine Elisabeth Goksøyr frå Ko&Ko fekk Sparebank1 Søre Sunnmøre sin gründerpris i dag.

01.10.2019
Kjoleprodusenten Ko&Ko blei etablert i 2011. Frå 2015 til 2017 auka driftsinntektene fra 5,2 til 14,2 millionar kroner, med nettbutikk som viktigaste salskanal.
Prisen er på 25.000 kroner.
I 2018 blei det ingen vekst, men det var berre ein mellombels stopp. I år ventar grunnleggar og eigar Stine Elisabeth Goksøyr å nå 20 millionar kroner i driftsinntekter.
Utflatinga i fjor skuldast at selskapet sette ut marknadsføringa til andre, ifølgje Goksøyr. Det førte ikkje til auke i salet, berre høgare kostnadar.
Selskapet tok attende marknadsføringsarbeidet på slutten av fjoråret, og skal halde fram med å gjere den jobben sjølv, sa Goksøyr til NETT NO i juli i fjor.

Utvida gründerarrangement

Sparebanken Søre Sunnmøre har delt ut ein næringslivspris i fleire år, men årets utdeling er første gang banken har knytt utdelinga til eit eige arrangement for gründerar.
Målet med arrangement er å bidra til bygge opp eit eige miljø for gründarar seier administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebanken Søre Sunnmøre.

Nettsuksess og små seriear


Det var effekten av erfaringa frå fleire år med prøving og feiling som slo ut då veksten tok av for Ko&Ko.
- Vi har brukt mykje tid på å plukke vekk det som ikkje fungerer, sa Goksøyr i 2017.

Ei anna årsak til veksten er hyppige lanseringar av nye modellar i små seriar, kombinert med marknadsføring via internett og sal gjennom nettbutikken - som står for omlag 80 prosent av salet til selskapet.
I starten lanserte Goksøyr to kolleksjonar i året. No lanserer ho nye kolleksjonar kvar veke. Plagga blir sydde i Polen og Litauen.
Lager, distribusjonsentral og administrasjon ligg i Herøy.

Publisert: 01.10.2019 10:16

Sist oppdatert: 18.05.2021 05:46

Mer om