Gunnar Carlson kjoeper Maaloey Verft
KJØPER: Gunnar Carlson er drivkrafta bak bygginga av modelltanken Stadt Towing Tank, der dette bildet er tatt, og ei rekkje andre etableringar i Måløy. Han er og med på satsing på Lefdal Mine Datacenter, medeigar i Båtbygg og no også eigar av Måløy Verft.
Nytt

Gunnar Carlson kjøper Måløy Verft

Måløy Verft halverte driftsinntektene frå 2014 til 2015, og har gått i minus dei tre siste åra. No tek Gunnar Carlson over.

17.11.2016
- Eg kan ikkje berre sitte stille utan å gjere noko, seier investor og Måløy-patriot Gunnar Carlson.
I dag er dei tilsette på Måløy Verft informert om at Brothers as, som er Gunnar og Evelyn Carlsons investeringselskap, har kjøpt Måløy Verft frå det islandske selskapet Mallard Holding. Kjøpesummen er ikkje opplyst.

Lettar på sløret

Carlson vil førebels ikkje vere konkret på kva som er planane for Måløy Verft, ut over at målet er å drive det vidare og gjere det til ein større arbeidsplass. I dag er det ni tilsette i selskapet.
Planen er å lette på sløret i eit mnøte med dei tilsette i neste veke.
Måløy Verft har spesialisert seg på nybygg, ombyggingar og reparasjon av mindre båtar i glasfiber. Selskapet byggjer mellom anna arbeidsbåtar til offshore vindanlegg og har sikta seg inn mot oppdrettsnæringa.

Publisert: 17.11.2016 17:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04