00004814
BLIR PENSJONIST: Ottar Brage Guttelvik byrja som fylkeskommunedirektør (då fylkesrådmann) i 1998. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Guttelvik gir seg

Går av som fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal etter 24 år.

24.02.2022

- Ettersom eg har jobba her så lenge og synes det har vore artig, interessant og har trivest så godt, så er det ganske spesielt å skulle gi seg. Men samtidig blir du innhenta av alderen. Då er det berre å erkjenne at ein må ut, seier Ottar Brage Guttelvik (68) i ei pressemelding.

Det han er aller mest stolt av etter alle åra som fylkeskommuendirektør - seier han i pressemeldinga - er at det lukkast å halde Møre og Romsdal Fylke samla under regionreformen til den førre regjeringa.

Bygge fylket saman
Dei komande 20 åra trur han fylket vil prioritere infrastruktur som knyter fylket tettare saman og som fylkeskommuen vi samarbeids tettare med kommunane og bli ein viktigare rådgivar for kommunene enn i dag.

Han er og nøgd med korleis fylke har utvikla seg fram ti i dag:

- Det er fantastisk å sjå korleis fylket har blitt forandra infrastrukturmessig i løpet av åra. Og det store løftet for skolesektorane, for eksempel. Og enkelte vegprosjekt. Og ikkje minst at vi er med på ei rekke utviklingsprosjekt - særleg campusprosjektet i Kristiansund, det som kjem med Sørsida i Ålesund, berekraftshuben i Molde, utviklingsplanane i Ørsta og Volda, at vi samarbeider betre med kommunane enn vi gjorde før, seier ahn i pressemeldinga.

Publisert: 24.02.2022 15:11

Sist oppdatert: 24.02.2022 15:27