Går frå Ekornes til nytt straumselskap
Øystein Vikingsen Fauske får jobben med å setje Tafjord, Tussa og SFE sine vekstplanar for deira felles salsselskap ut i livet.
- Vi vil vere ein aktiv aktør for ei konsolidering. Vi ønskjer at dette selskapet skal vekse både organiske og gjennom oppkjøp og fusjonar, seier Erik Espeset, styreleiar i det felles salsselskapet og konsernsjef i Tafjord.
Dei tre energikonserna Tafjord, Sogn og Fjordane Energi og Tussa varsla i starten av juli i år at dei planla eit felles selskap for straumsal til privat- og bedriftsmarknaden i regionen.
Planen var å slå saman konserna sine selskap som driv med sal av straum til privat- og bedriftsmarknaden, Tafjord Marked, SFE Kraft og Tussa-24.
I dag melde dei av Øystein Vikingsen Fauske får jobben med å leie det nye selskapet. Vikingsen Fauske er i dag konserndirektør for digitalisering, HR og produktutvikling i Ekornes. Han skal byrje i den nye jobben 1. mars.
I eit normalår vil det samanslåtte selskapet har ei driftsinntekt på omlag ein milliard kroner.
Med smarte strauammålarar er det råd å planlegge og styre energibruken slik at brukarane brukar meir straum når prisen er på det lavaste og med ny teknologi kan deler av denne kartlegginga gjerast av straumleverandøren.
Det er mellom anna denne omlegginga frå tradisjonelt kraftsal Vikingsen Fauske skal jobbe med, ifølgje Espeset.
Vi vil vere ein aktiv aktør for ei konsolidering
Publisert: 17.12.2020 10:56
Sist oppdatert: 25.06.2021 09:49