Nytt
Går frå iKuben til næringssjef-jobben
Hilde Aspås blir ny næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
02.12.2020
Aspås går frå jobben som sjef for næringsklynga iKuben i Molde til næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Under Aspås si leiing fekk iKuben i 2017 status som Norwegian Centre of Expertise (NCE), ein status som sikra klynga fem millionar kroner i årleg finansiering i minst fem år.
Medan klyngeorganisasjonane på Sunnmøre spring ut av bransjar, er iKuben basert på samarbeid på tvers av bransjar og på digitalisering - korleis bedrifter kan bruke moglegheitene som internett og IT gir for å effektivisere drifta.
Det er også tema som ho må arbeid med i den nye jobben, seier Aspås.
- Det å få opp kompetansen på alt som skjer i verda som vil påverke konkurransesituasjonen for næringslivet i regionen, seier ho om kva som er den største utfordringa for næringslivet i Møre og Romsdal.
Aspås tek over etter Bergljot Landstad som har vore regional- og næringssjef sidan 2008. Landstad går over i ei stilling som seniorrådgivar på fagområdet entreprenørskap, høgare utdanning og forsking.

Publisert: 02.12.2020 16:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07