Gaar fraa Ulstein til Naeringsforeningen
NY SJEF: Lene Trude Solheim (biletet) tek over etter Bente Lund Jacobsen i Næringsforeningen Ålesundregionen.
Nytt

Går frå Ulstein til Næringsforeningen

Lene Trude Solheim i Ulstein Group blir ny leiar for Næringsforeningen Ålesundregionen.

29.04.2020
Solheim er organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group og tek til som sjef for Næringsforeningen 1. august.
Solheim har vore kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group sidan 2006 og arbeidd i Ulstein/Rolls Royce-selskap sidan 1997. I 2018 fekk ho utvida ansvar, til å også leie organisasjonsutviklinga i Ulstein Group, og sit i konsernleiinga.
No skiftar ho beite.
- Det å få vere med og skape gode rammevilkår for bedriftene i regionen her, det ser eg på som eit privilegium, sier Solheim.

Vekst

Solheim tek over etter Bente Lund Jacobsen, som skal bli eldreombod.

Næringsforeningen er i vekst. I fjor auka talet på medlemsbedrifter med 30, til 230.
Foreningen har også utvida verksemda dei siste åra, og det er etablert fleire undrgrupper; Næringsforeningens ungdomsnettverk, U37, nettverket for kvinner i næringslivet, bransjegruppa for havbruksnæringa og arrangementa Byggebørsen og næringlivskonferansen for kvinner.
Bransjegruppa for bygg- og anleggsbransjen har kome til og i fjor haust ble det etablert eit nettverk retta mot eksport - og importmedarbeidarar i regionale bedrifter.
Foreningen har også en sekretariatsfunksjon for fire samferdselsprosjekter, Hafast- og Hamnsundsambandet og Borgundfjordtunnelen og Lufhavnforum.
Det å få vere med og skape gode rammevilkår for bedriftene i regionen her, det ser eg på som eit privilegium

Publisert: 29.04.2020 17:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56