Gaar glipp av noko ved aa ikkje moetast fysisk
FØR-KORONA: Frå Verftskonferansen i Ålesund i fjor - Daniel Garden (innfelt) i Ulstein Næringsforum slike møter har ein meirverdi det er vanskeleg å skape digitalt. 
Nytt

– Går glipp av noko ved å ikkje møtast fysisk

Nye konferansar har dukka opp i rekka av arrangement som samlar næringslivet i haust. Men nokre bedrifter ser helst at dei tilsette held seg unna.

Marius Rosbach
29.08.2020
Koronapandemien legg føringar for korleis folk møtast, og mykje går no føre seg digitalt ved hjelp av nettmøte eller strøyming.
Utover hausten er det også planlagt ein rekke arrangement der deltakarane skal møtast fysisk, medan den årlege

Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri som fortalde om avlysinga, legg også til at mange er skeptiske til at medarbeidarane deira deltek på slike arrangement.
– Mange bedrifter rapporterer at dei ikkje ønsker at deira tilsette skal delta på konferansar ut året, fortel Dahll til NETT NO.

– Går glipp av noko ved å ikkje møtast

På søre Sunnmøre er fleire nye konferansar under oppsegling. 24. september inviterer Ulstein Næringsforum og Oslo Business Forum til , som tek føre seg endringane som følgje av koronapandemien.
Konferansen vil kombinere foredrag på scena i UIstein Arena med digitale bidrag frå ekspertar i Oslo. Anita Krohn Traaseth og Thina Saltvedt er mellom dei som kjem til Ulsteinvik.

– Når vi har planlagt dette har ikkje smittefrykt vore ei bekymring hos dei vi har snakka med. Eg opplever at folk begynner å bli vande smittetiltaka og tek dette med i planlegginga, seier leiar Daniel Garden i Ulstein Næringsforum til NETT NO.
Dei har nettopp gått ut med påmelding, og Garden er spent på korleis responsen blir. Han påpeiker at det ikkje er alt ein klarar å få til ved digitale møter.
– Eg meiner vi går glipp av noko ved å ikkje møtast fysisk. Ved slike møter kjem ein gjerne i prat med folk på ein anna måte, og kanskje finn ein ut at ein har felles interesser i eit prosjekt eller andre ting. Det hadde ikkje skjedd om vi berre møtest via nettet, seier Garden.

Ny Hareidskonferanse

I Hareid har fem bedrifter samla seg om å arrangere den 1. oktober. Temaet for dagen er berekraft i maritim næring og dei heile skjer i lokala til Hareid Group på Raffelneset. Også Jets, Libra-Plast, DImo og Ulmatec er med som arrangørar.
– Vi er alle frå den maritime næringa, som for tida merkar tøff konkurranse både internasjonalt og lokalt. Då er det ekstra gledeleg å kunne vise at lokale bedrifter også evner å samarbeide, som i dette tilfellet der fem aktørar går saman om eit felles arrangement, fortel salssjef Kenneth Langvatn i Hareid Group til NETT NO.
Mellom dei som deltek på konferansen er professor og førsteamanuensis Jan Emblemsvåg ved NTNU og Jan Arild Roppen frå Hellesylt Hydrogen Hub. Til veka blir også ytterlegare ein føredragsholdar presentert og påmeldinga er nettopp starta.
– For å oppretthalde godt smittevern har vi sett ned strenge tiltak, mellom anna har vi sett eit tak på hundre besøkande i lokalet som vanlegvis rommar det doble, legg han til.

– Kjekt å oppleve engasjementet rundt bordet

Nytilsett administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen i Ålesundregionen er i full gong i jobben. Solheim fortel at ho opplever at det er stor vilje til å ta grep i møte med nye utfordringar.

– Seinast denne veka var eg på eit arrangement om leiarutvikling, og det var kjekt å oppleve engasjementet rundt bordet. Eg opplever at sunnmøringane er framoverlente i denne situasjonen og at det er eit stort ønske for å finne fram til kva vi kan gjere i fellesskap, fortel ho til NETT NO.

God respons på ung leiarsamling

Allereie denne veka samlar foreininga nettverket U37, eit fellesskap for unge leiarar og talentar, til sommarfest. Den 21. september er det klart for ny samling med meir fagleg innhald.
– Vi får veldig god respons på arbeidet med denne gruppa. Det er positiv driv og fokus på korleis vi lukkast med kompetanseoverføring mellom generasjonane, legg Solheim til.
Utover hausten har foreininga ein rekke ulike arrangement. Byggebørsen 29. oktober er mellom dei større, der mellom anna utbyggjarar, leverandørar og det offentlege møtast.

ÅKP med koronagrep

Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) er mellom dei som har flest arrangement, og eitt av dei mest omfattande er 24. september. Frank Støyva Emblem ved ÅKP fortel at dei må gjere nokre grep grunna koronasituasjonen.
– Vi må følgje retningslinjene, som mellom anna betyr at vi må samle færre deltakarar enn vanleg. På klyngekonferansen planlegg vi å nytte to lokalar her på NMK og i tillegg vil arrangementet bli strøyma, fortel Emblem til NETT NO.
Investormatch 11. november er eitt arrangement som Emblem meiner er spesielt spennande i haust.
– Her koplar vi emisjonsklare selskap med investorar, og vi vil presentere eit knippe vekstbedrifter som er klare til å hente kapital, fortel han.

Les også:




Analyse:


Kanskje finn ein ut at ein har felles interesser i eit prosjekt eller andre ting. Det hadde ikkje skjedd om vi berre møtest via nettet

Publisert: 29.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 14.05.2021 12:39