Volda sjukehus foto Helse Møre og Romsdal
400 MILLIONAR KRONER: I siste fireårsperioden har Nordvest Taxi køyrt pasientar for 400 millionar kroner, mellom anna til sjukehuset i Volda (biletet). No går selskapet til sak etter å ha tapt anbodskonkurransen. Foto: Helse Møre og Romsdal
Nytt

Går til retten om pasientkøyringa

Nordvest Taxi krev at selskapet får halde fram med pasientkøyring i Møre og Romsdal.

02.03.2022

Nordvest Taxi er eit selskap eigd av fleire drosjeselskap i Møre og Romsdal. Selskapet driv først og fremst med pasientkøyring på oppdrag frå helsevesenet, men frå 1. juni i år er det andre som skal gjere den jobben etter at Nordvest Taxi tapte anbodskonkurransen som Helse Midt-Norge har gjennomført.

Oppdraget gjekk i staden til Norgestaxi, for nordre Sunnmøre, medan selskapet Persontransport 1 fekk oppdraget med å køyre pasientar i resten av Møre og Romsdal.

400 millionar kroner
Anbodsperioden er to pluss eitt pluss eitt år, og Nordvest Taxi har køyrt passasjar for omlag 400 millionar kroner i siste fire-års-periode, seier dagleg leiar Steinar Nilsen i Nordvest Taxi.

Nilsen seier Nordvest Taxi meiner Persontransport 1, eit nyskipa selskap, ikkje skulle fått oppdraget og har gått til sak mot Helse-Midt Norge, med krav om at Nordvest Taxi får jobben i staden for Persontransport 1.

Saka skal opp i retten i neste veke.

Kritikk frå Vanylven
Ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven kritiserer i eit innlegg i NETT NO Helse Midt-Norge for anbodsprosessen som er gjennomført.

Vi risikerer no eksistensgrunnlaget for ei heil næring i distrikta, skriv Landsverk Sande, som også er redd pasientane vil få eit vesentleg dårlegare tilbod.

Publisert: 02.03.2022 13:14

Sist oppdatert: 02.03.2022 13:59