Coop Folkestad er frå torsdag mellom dei første heilautomatiske butikkane i landet. Når de tilsette på Coop Marked Folkestad går heim til vanleg tid klokka 18, vil teknologien ta over drifta av butikken fram til klokka 23 om kvelden.
Driftssjef Fredrik Iversen i Coop Nordvest er stolt over å kunne invitere til en av de første butikkene av sitt slag her til lands.
– Det blir utruleg spennande å sjå korleis kundane, som også er våre medeigarar, tar imot den nye teknologien. Det vil særleg være nyttig for kundar som i dag opplever at butikken er stengt når dei kjem seint heim frå jobb eller trening, seier han i ei pressmelding.
Distriktssjefen påpeiker at det ikkje gir utslag i færre tilsette. Dei tilsette er på jobb som vanleg i ordinær opningstid.
Om kvelden kan kundane låse seg inn ved bruk av en eigen app på mobiltelefonen, velje varene dei vil ha, og betale i ei sjølvbetent kasse.
Butikken vil ha mykje innovativt sikkerheitsutstyr slik at kundane skal vere trygge. Dersom kamera registrerer unormal aktivitet, vil vektarane blir varsla.
– Det er ein viktig del av vårt samfunnsansvar å drive gode butikkar i distrikta. Å kunne utvide opningstidene vil hindre handelslekkasjen mange lokalsamfunn opplever i dag. Derfor kan bruken av ny teknologi vere med på å bevare fleire distriktsbutikkar i framtida til glede for kundane våre, seier Iversen.
Erfaringane frå dei tre butikkane som allereie er i gong, viser auka omsetning. Kjøpmann Hege Lavik ved Eksingedalen Snarkjøp kunne nyleg fortelje om ei auke på 30-40 prosent, ifølgje avisa Hordaland.
– Utvida opningstider i form av sjølvbetening slik som på Coop Marked Folkestad, kan bidra til at distriktsbutikkane får større omsetning. Det er veldig spennande å teste korleis ny teknologi kan betre handleopplevinga og styrke distriktsbutikkens rolle i lokalsamfunnet. Vi ser fram til å følge med på korleis kundane tar imot dette, seier han i pressemeldinga.
NORGESGRUPPEN
SNARKJØP
COOP
KJELDE: Merkur-programmet.no
Driftssjef Fredrik Iversen i Coop Nordvest er stolt over å kunne invitere til en av de første butikkene av sitt slag her til lands.
– Det blir utruleg spennande å sjå korleis kundane, som også er våre medeigarar, tar imot den nye teknologien. Det vil særleg være nyttig for kundar som i dag opplever at butikken er stengt når dei kjem seint heim frå jobb eller trening, seier han i ei pressmelding.
Ikkje færre tilsette
I fjor sommar opna lågprisbutikken Extra Bogstadveien i Oslo som landets første heilautomatiske daglegvarebutikk. Coop Marked Folkestad er den første distriktsbutikken til Coop som blir automatisert.Distriktssjefen påpeiker at det ikkje gir utslag i færre tilsette. Dei tilsette er på jobb som vanleg i ordinær opningstid.
Om kvelden kan kundane låse seg inn ved bruk av en eigen app på mobiltelefonen, velje varene dei vil ha, og betale i ei sjølvbetent kasse.
Butikken vil ha mykje innovativt sikkerheitsutstyr slik at kundane skal vere trygge. Dersom kamera registrerer unormal aktivitet, vil vektarane blir varsla.
Har auka omsetninga stort
Folkestad-butikken i Volda er med eit nasjonalt pilotprosjekt i regi av Merkur, der nærbutikkar får støtte til å utvide opningstidene. Åtte butikkar (sjå under) frå ulike kjeder er med, og Coop Folkestad er den einaste på Nordvestlandet.– Det er ein viktig del av vårt samfunnsansvar å drive gode butikkar i distrikta. Å kunne utvide opningstidene vil hindre handelslekkasjen mange lokalsamfunn opplever i dag. Derfor kan bruken av ny teknologi vere med på å bevare fleire distriktsbutikkar i framtida til glede for kundane våre, seier Iversen.
Erfaringane frå dei tre butikkane som allereie er i gong, viser auka omsetning. Kjøpmann Hege Lavik ved Eksingedalen Snarkjøp kunne nyleg fortelje om ei auke på 30-40 prosent, ifølgje avisa Hordaland.
Mykje handel skjer på kveldstid
Steinar Fredheim som er ansvarleg for Merkurprogrammet i Distriktssenteret, påpeiker at 20 prosent av handelen i slike butikkar skjer på kveldstid.– Utvida opningstider i form av sjølvbetening slik som på Coop Marked Folkestad, kan bidra til at distriktsbutikkane får større omsetning. Det er veldig spennande å teste korleis ny teknologi kan betre handleopplevinga og styrke distriktsbutikkens rolle i lokalsamfunnet. Vi ser fram til å følge med på korleis kundane tar imot dette, seier han i pressemeldinga.
Desse butikkane er med i pilotprosjektet
NORGESGRUPPEN
- Lyngdal Landhandel (Nærbutikken) - Flesberg kommune, VikenOpna 15.mai
- Svatsum Samvirkelag AS (Nærbutikken) - Gausdal kommune, InnlandetOpna 3.juli
- Åmdals Verk Daglegvare AS (Nærbutikken) - Tokke kommune, Telemark og VestfoldOpning 30.august
- Tufsingdal Landhandel AS (Nærbutikken) - Os kommune, InnlandetPlanlegg opning i månadsskiftet august/september
SNARKJØP
- Eksingedalen Snarkjøp AS - Vaksdal kommune, VestlandOpna 15.mai. Har berre ope til kl. 22
- Herand Landhandleri AS - Ullensvang kommune, Vestland. Opningsdato ikkje bestemt
COOP
- Coop Marked Nedre Eggedal - Sigdal kommune, VikenPlanlegg opning i månadsskiftet september/oktober
- Coop Marked Folkestad - Volda kommune, Møre og RomsdalPlanlegg opning i månadsskiftet september/oktober
KJELDE: Merkur-programmet.no
Utvida opningstider i form av sjølvbetening slik som på Coop Marked Folkestad, kan bidra til at distriktsbutikkane får større omsetning
Publisert: 29.10.2020 15:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04