Haapar paa helse stempel
VENTAR: Hofseth Biocare har fleire produkt til vurdering hos fleire helsestyresmakter, og ventar på avklaring om eventuell helsekoststatus.
Nytt

Håpar på helse-stempel

Hofseth Biocare håpar fleire produkt får helsekost-status innan kort tid.

15.05.2020
Godkjenning som helsekost er viktig, mellom anna for korleis produkta kan marknadsførast, og Hofseth Biocare er optimistisk med omsyn til godkjenningar både frå amerikanske, candadiske- og EU-helsestyresmakter innan kort tid.
Det går fram av kvartalsrapporten for 1. kvartal for selskapet.

Vidareforedling

Hofseth Biocare produserer og vidareforedlar fiskeolje, kalsium og protein frå avskjær og restråstoff frå lakseslakteri.
Selskapet har hovudkontor i Ålesund, er børsnotert og har produksjonsanlegg i Midsund og på Berkåk.
Så langt ha selskapet gått med underskot nesten kvart kvartal, og så også i 1. kvartal 2020 (sjå tabell).

Børsrakett

I starten av juni i fjor var aksjekursen i Hofseth Biocare under 2,50 pr. aksje.
Etter at selskapet melde om ein intensjonsavtale om amerikansk distribusjon med Garden of Life gjekk aksjekursen til vers og nådde 10,95 kroner pr. aksje 26.november. Garden of Life er eigd av Nestlé-konsernet. Fredag 15. mai 2020 var sluttkursen 8,80 kroner, etter ein oppgang på fem prosent frå torsdag 14. mai. Aksjekursen verdset Hofseth Biocare til 2,9 milliardar kroner.
Avtalen er framleis ein intensjonsavtale.
Roger Hofseth er dagleg leiar og stor aksjonær. Etter at intensjonsavtalen blei offentleggjort sa han til NETT NO at den vil gjere Hofseth Biocare til eit lønsam selskap om den blir bindande.

Publisert: 15.05.2020 16:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57