Havyard Group ASA kallar inn til obligasjonseigarmøte 25 mars for å få meir tid til å berge skipsbyggingsverksemda i konsernet.
På møtet skal obligasjonslångivarane konkret ta stilling til om ei betaling på 2,5 millionar kroner skal utsettast frå 13. mars til 13. juni i år, og om også andre vilkår knytt til låne blir utsette til 13. juni. I praksis vil møtet handle om obligasjonslångivarane vurderer redningsplanen for skipsbyggingsverksemda i Havyard Group til å vere liv laga.
Som ein del av redningsplanen for skipsbyggingsverksemda skal seks skipbyggingkontakter flyttast over i eit nytt datterselskap, New Havyard Ship Technology. Poenget med den operasjonen er å koble fullføringa av dei kontrakten frå vanskane i Havyard Ship Technology.
Havyard Group trur på ei avklaring i gjeldforhandlingane innan ei til fire veker, i følgje invitasjonen til obligasjonslångivarmøtet.
I løpet av 2019 kom fleire meldingar der tapsanslaga vart oppjustert.
På møtet skal obligasjonslångivarane konkret ta stilling til om ei betaling på 2,5 millionar kroner skal utsettast frå 13. mars til 13. juni i år, og om også andre vilkår knytt til låne blir utsette til 13. juni. I praksis vil møtet handle om obligasjonslångivarane vurderer redningsplanen for skipsbyggingsverksemda i Havyard Group til å vere liv laga.
Avklaring inna fire veker
Havyard Group søkte i februar offentlege gjeldsforhandlingar for datterselskapet Havyard Ship Technology - som mellom anna omfatter verftet i Leirvik i Sogn.Som ein del av redningsplanen for skipsbyggingsverksemda skal seks skipbyggingkontakter flyttast over i eit nytt datterselskap, New Havyard Ship Technology. Poenget med den operasjonen er å koble fullføringa av dei kontrakten frå vanskane i Havyard Ship Technology.
Havyard Group trur på ei avklaring i gjeldforhandlingane innan ei til fire veker, i følgje invitasjonen til obligasjonslångivarmøtet.
Verre og verre
Det første illevarslande varselet for Havyard og Havyard Ship Technology kom berre tre veker etter at selskapet hadde lagt fram sitt førebelse årsreknskap for 2018, med ei melding om at underskotet skulle vere 100 millionar kroner større enn det som var meldt i det førebelse årsreknskapet.I løpet av 2019 kom fleire meldingar der tapsanslaga vart oppjustert.
Publisert: 30.09.2020 11:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54