Hoeg utlaansvekst trass korona
OPTIMISME: Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene har auka utlåna til bedriftskundane. 
Nytt

Høg utlånsvekst trass korona

Tapa Sparebanken Sogn og Fjordane frykta på grunn av koronaepidemien kom ikkje.

17.08.2020
- Vår vurdering er at det har gått betre enn vi frykt, seier administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane.

I reknskapen for 1. kvartal 2020 skreiv banken ned verdien av låna sine med 80 millionar kroner fordi den var redd lånekundar ville bli så hard råka av koronakrisa at det ville gå ut over låna til banken.

500 millionar

No, tre månader etter, konkluderer Teigene med at det er mange som har klart seg veldig bra.
I staden for konkursar, kutt og krise har det blitt utlånsvekst og nye investeringar.
Samanlikna med førre 12-månadarsperiode har banken ein utlånsvekst i bedriftsmarknaden på 8,2 prosent. Det siste kvartalet har utlåna til næringslivet auka med ein halv milliard kroner. 140 av dei millionane er statsgaranterte utlån til bedrifter, som eit tiltak for å hjelpe bedrifter med mellombels likviditetsvanskar på grunn av koronakrisa.
Resten, 360 millionar, er ordinære utlån, noko Teigene tolkar som eit teikn på optimisme og investeringsvilje, trass koronaepidemien.

Verdipapirgevinst

Tapsavsetningane i 2. kvartal var seks millionar kroner, mot 80 millionar kroner i første kvartal.
Saman med ei verdistigning på 129 millionar kroner på banken sine aksjar i forsikringselskapet Frende er reduserte tap hovudårsaka til den gode lønsemda i 2. kvartal. (Sjå tabell - på mobil nederst på sida).

Publisert: 17.08.2020 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01