Ikkje sidan oktober 2014 har oljeprisen vore høgare enn i dag.
Både grytidleg i dag, i formiddag og på ny i ettermiddag passerte prisen på eitt fat nordsjøolje for levering om ein månad 86,29 dollar fatet. Det var prisen frå 3. oktober 2018.
Førre gang oljeprisen var like høg var i oktober 2014, då oljeprisen var inne i eit kraftig prisfall.
Meir enn før koronakrisa
Det internasjonale energibyrået (IEA) spår i sin oktoberrapport at etterspørselen etter olje neste år vil passere etterspørselen før koronakrisa kom.
Energikrisa - som har sendt gass-, kol og og straumprisen til vers - gir også ein ekstraordinær vekst i oljeetterspørselen, ifølgje IEA.
På etterskot
Oljeproduksjonen er på etterskot i høve til etterspørselsveksten og vil vere det i alle fall ut året, ifølgje IEA sine vurderingar.
Trass i auka etterspørsel etter olje blir det ikkje investert for å auke oljeproduksjonen på verdsbasis.
Investeringsnivået ser ut til å vere tilpassa ein stagnerande eller fallande oljeetterspørsel, og dei samla investeringane i energiproduksjon er for liten til å tilfredsstille veksten i energietterspørselen i verda, meiner IEA.
Publisert: 25.10.2021 14:30
Sist oppdatert: 25.10.2021 14:11