NPK-NTB: Det er no fire vaksinar til vurdering i EU. Den første godkjenninga kan komme rundt nyttår, og dermed vil vaksinen vere klar for Noreg.
– 1,2 millionar nordmenn kan då få vaksinen i første omgang. Det er 70 prosent av alle i risikogruppa og personell som jobbar med utsette grupper, seier Høie.
Deretter utover våren vil resten av befolkninga få tilgang til vaksinen, seier han.
Risikogrupper skal vaksinerast først, helsearbeidarar deretter, stadfestar helseministeren
Når ein koronavaksine er godkjend, skal risikogruppene vaksinerast først. Deretter kjem helsearbeidarar, seier helseminister Bent Høie (H).
Dette er i tråd med tilrådingane frå FHI.
– Derfor må vi prioritere mellom dei, men det vil berre vere i byrjinga. Ganske raskt forventar vi at alle i risikogruppa vil få tilbod om vaksine, seier helseminister Bent Høie (H).
Personar på sjukeheimar og dei aller eldste vil bli prioriterte tidleg. Deretter følgjer andre eldre over 64 år og personar i alderen 18–64 år med bestemde sjukdommar.
Førebels blir ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene.
– 1,2 millionar nordmenn kan då få vaksinen i første omgang. Det er 70 prosent av alle i risikogruppa og personell som jobbar med utsette grupper, seier Høie.
Deretter utover våren vil resten av befolkninga få tilgang til vaksinen, seier han.
Normal kvardag
- Vi forventar god tilgang første halvår i 2020. Til sommaren kan få dermed få ein meir normal kvardag, seier Høie.Risikogrupper skal vaksinerast først, helsearbeidarar deretter, stadfestar helseministeren
Når ein koronavaksine er godkjend, skal risikogruppene vaksinerast først. Deretter kjem helsearbeidarar, seier helseminister Bent Høie (H).
Dette er i tråd med tilrådingane frå FHI.
1,3 millionar i risikogrupper
Risikogruppene omfattar cirka 1,3 millionar menneske som anten er over 56 år, eller som har ein eller fleire sjukdommar som aukar risikoen for alvorleg sjukdom av covid-19.– Derfor må vi prioritere mellom dei, men det vil berre vere i byrjinga. Ganske raskt forventar vi at alle i risikogruppa vil få tilbod om vaksine, seier helseminister Bent Høie (H).
Personar på sjukeheimar og dei aller eldste vil bli prioriterte tidleg. Deretter følgjer andre eldre over 64 år og personar i alderen 18–64 år med bestemde sjukdommar.
Førebels blir ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene.
Publisert: 04.12.2020 12:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07