Dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast og administrerande direktør Øyvind Tørlen i Jets Vacuum er gjestar i nyaste episode av podcasten Podium.
Begge leiar bedrifter der berekraft er noko av kjernen i verksemda. Vartdal i Ørsta lagar mellom anna emballasje og byggisolasjon i plastprodukt, og opna nyleg eit resirkuleringsanlegg som skal sørge for å gi nytt råstoff av det som tidlegare var avfall.
Jets har spesialisert seg på toalettsystem som tek føre seg eit av dei største utfordringane av FN sine berekraftsmål – tilgang på vatn. Produkta til Hareid-bedrifta nyttar berre ein brøkdel av vatnet som eit vanleg vassklosett gjer, noko som kan vere avgjerande i mange delar av verda.
Podium er ein podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord, frå NETT NO i samarbeid med ADVISO og Pir. Podcasten er eit annonseprodukt.
Kvar episode vil ha to nye gjestar frå det regionale næringslivet som diskuterer aktuelle tema, leia av Olav Sindre Kriken. Medprogramleiar i denne episoda er Anja Solevågseide.

trykk for å gå til ekstern spelar)
Les også:
Podium er ein podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord, frå NETT NO i samarbeid med ADVISO og Pir. Podcasten er eit annonseprodukt.
Kvar episode vil ha to nye gjestar frå det regionale næringslivet som diskuterer aktuelle tema, leia av Olav Sindre Kriken. Medprogramleiar i denne episoda er Anja Solevågseide.
Tidlegare episodar av Podium:
Publisert: 10.11.2020 12:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04