Analyse: Halleluja for hydrogen og miljø
Havyard Group er årets børsvinnar på Nordvestlandet, men ikkje på grunn av skipsbygging.
Fram til oktober 2020 var utviklinga i Havyard-kursen ei trist historie, der kursen sakte glei nedover. Rett nok fekk Havyard-aksjonærane ein liten opptur i starten av mai, men ikkje meir enn at kursen akkurat tok att det tapte sidan starten på 2020.
Frå oktober og utover derimot, kom det meldingar som blei godt mottatt i aksjemarknaden på rekke å rad - og det har betalt seg for aksjekursen. Den er opp 500 prosent sidan årskiftet:
* Selskapet la nybygging til side inntil vidare og satsar heller på at verftet i Leirvik i sogn skal drive med reparasjon, vedlikehald og ombygging.
* Gjeldsforhandlingane i det "gamle" skipsbyggingselskapet - Havyard Ship Technology- kom i mål. (Havyard Group hadde tidlegare etablert "New Havyard Ship Technology" for å vidareføre aktiviteten ved verftet. Gjeldsforhandlingane i Havyard Ship Technology hadde ikkje stor økonomiske betydning for Havyard Group, men semja i gjeldsforhandlingane rydda uansett ei uvisse av vegen)
* Selskapet etablerte eit datterselskapet for hydrogenteknologi og varsla deretter at datterselskapa Havard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, blir vurdert skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
I slutten av denne artikkelen kan du sjå korleis kursen på den børsnoterte selskapa med adresse på Nordvestlandet har utvikla seg, med marknadsverdien av selskapa i parantes. Også Fjord1 er med sjølv om selskapet har hovudkontor i Florø. Grunnen er at Havila Holding i Herøy er dominerande aksjonær, og at selskapet også kan bli tatt av børs. Lista er oppdatert etter at børsen avslutta handelen for 2020 onsdag 30. desember.
Refinansiere konsernet
Havyard Group ventar at refinansieringa av konsernet og børsnoteringa av det nye selskapet - der Havyard Group skal vere største eigar - er i mål i løpet av første kvartal 2021, sa Gunnar Larsen til NETT NO i november i år.
Selskapet blei børsnotert 1. juli 2014.
I mars 2019, få veker etter at 2018-tala var presentert, kom ei børsmelding om at tapa var 100 millionar kroner større enn først rapportert.
Det skulle bli fleire meldingar av det slaget, som til slutt enda med at Havyard-konsernet starta eit omfattande arbeid med å refinansiere konsernet.
Hydrogen og miljø
Ved å skille ut og børsnotere eit datterselskap som satsar på hydrogenteknologi, miljøteknologi og energiøkonomisering har Havyard fått medvind frå same stemning som også gjer at Hexagon Composites har hatt ein kursauke på 40 prosent i år.
Hexagon Composites er no verdsett til 10,6 milliardar kroner, mellom anna fordi selskapet eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Medan Hexagon Composites lagar drifstofftankar for naturgass - frå store mobile gasstankar, via tankar - og systen for lastebiler og persombilar til små berbare gassbehaldarer lagar Hexagon Purus drivstofftankar og -system for hydrogen som drivstoff i bilar, lastebilar, tog og skip.
Hexagon Purus blei børsnoterte 14 desember i år, etter at Hexagon Purus først hadde henta inn 750 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom ein kapitalutviding som blei kraftig overteikna.
Hexagon Purus er verdsett til 10,8 milliardar kroner. Medan Hexagon Composites driv i ein etablert marknad er det først og fremst forventningane til ein komande stor og lønsam marknad for hydrogen som energikjelde som har løfta verdien.
Prisfall på laks
To oppdrettsselskap som satsar på landbasert oppdrett har adresse på Nordvestlandet. Atlantic Sapphire på Vestnes driv landbasert oppdrett i Danmark og byggjer opp eit landbasert anlegg i Miami i USA. Salmon Evolution - som blei børsnotert i september - byggjer eit anlegg i eit tidlegare steinbrot i Fræna.
Begge selskap har falle i verdi på børsen i år, og grunnen til det er truleg å finne i grafikken som viser lakseprisutviklinga.
Fallande laksepris betyr redusert lønsemd, og det likar ikkje aksjeinvestorane. Fram mot årsskiftet i år steig heller ikkje prisane - slik som i fjor. På pluss-sida for investorane, er at aksjekursen har stige sidan starten av november og at lakseprisen for levering tid på laksebørsen Fishpool tyder på ein komande prisoppgang gjennom 2021 og 2022.
I 2019 var børsvinnarane på Nordvestlandet Hofseth Biocare (pluss 72 prosent), Hexagon Composites (pluss 45 prosent) og Atlantic Sapphire (pluss 87 prosent)
Børsvinnararar og -taparar i Nordvest i 2020
Kursendring i prosent. (Marknadsverdi i mill. kr. i parantes)
Havyard +505,4% (477)
Hexagon Composites +50,5% (11029)
Fjord1 17,5% +(4300)
Hexagon Purus* +24,8% (11432)
Havila Shipping +11,1% (79)
Hofseth Biocare +9,1% (3478)
Sparebanken Møre - 6,6% (2927)
Atlantic Sapphire -6,7% (9680)
Salmon Evolution* -8,7% (1505)
Nortel* -9,1% (288)
Golden Energy Offshore Services -72,9% (45)
*Hexagon Purus blei børsnotert 14. desember, Nortel 18. november og Salmon Evolution 18. september.
Publisert: 30.12.2020 12:41
Sist oppdatert: 30.12.2022 11:12