Nytt
Halsebakk i allianse med sørkoreansk gigant
Planlegg å produsere laks på land i Sør-Korea.
27.07.2020
Det sørkoreanske selskapet Dongwon har investert 50 millionar kroner i Salmon Evolution, som er i gang med å byggje ut for landbasert oppdrett i Hustad kommune.
Dette opplyser
Dongwon er eitt av verdas største sjømatselskap, og driv primært med tunfisk. No skal det satsast på laks, saman med Salmon Evolution, der Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk har gått tungt inn gjennom sitt investeringsselskap Ronja Capital.
No får Dongwon nær ti prosent eigarskap i Salmon Evolution, og som ein del av avtalen skal partane i fellesskap opprette eit selskap i Sør-Korea for å produsere laks på land.
Investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital seier at frakt til Sør-Korea er dyrt, og dyrare enn til andre stader i området som for eksempel Kina.
- Det kostar fort 15 kroner kiloen. Dermed seier det seg nesten sjølv at det er interessant å produsere laksen også der, seier Tønseth til DN.
Salmon Evolution henta inn 258 millionar kroner i ein retta emisjon i mars. Ifølgje DN skulle Dongwon kjøpe aksjar i denne emisjonen, men rådgjevarane snudde på flyplassen på grunn av koronarestriksjonar. No er handelen likevel i boks.
Dette opplyser
Dongwon er eitt av verdas største sjømatselskap, og driv primært med tunfisk. No skal det satsast på laks, saman med Salmon Evolution, der Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk har gått tungt inn gjennom sitt investeringsselskap Ronja Capital.
No får Dongwon nær ti prosent eigarskap i Salmon Evolution, og som ein del av avtalen skal partane i fellesskap opprette eit selskap i Sør-Korea for å produsere laks på land.
Dyr frakt
Dagens Næringsliv skriv at detaljane ikkje er klare, men at prosessen med å finne tomt og skaffe løyve har starta.Investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital seier at frakt til Sør-Korea er dyrt, og dyrare enn til andre stader i området som for eksempel Kina.
- Det kostar fort 15 kroner kiloen. Dermed seier det seg nesten sjølv at det er interessant å produsere laksen også der, seier Tønseth til DN.
Snudde på flyplassen
Han opplyser at Dongwon kjøper rundt 8.000 tonn laks i året, og er ein betydeleg aktør i Sør-Korea., der det er forventa sterk vekst framover.Salmon Evolution henta inn 258 millionar kroner i ein retta emisjon i mars. Ifølgje DN skulle Dongwon kjøpe aksjar i denne emisjonen, men rådgjevarane snudde på flyplassen på grunn av koronarestriksjonar. No er handelen likevel i boks.
Publisert: 27.07.2020 09:30
Sist oppdatert: 26.02.2021 10:21