Halsebakk inn i algeoppdrett
ALGEPRODUKSJON: Her ved tidlegare Breivik kalkverk skal det startast opp med kommersiell algeproduksjon.
Nytt

Halsebakk inn i algeoppdrett

Investerer 10 millionar i selskap som skal dyrke algar i nedlagt kalkverk i Sande, og trur partnaren har løyst gåta.

20.07.2020

Gjennom sitt private investeringsselskap Ronja Capital har Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk investert 10 millionar kroner i det Larsnes-baserte selskapet Arctic Diatom.

Selskapet skal drive med algeoppdrett i lokala til tidlegare Breivik Kalkverk i Sande.

Dette skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

Trur gåta er løyst
Halsebakk er også styreleiar i selskapet der investeringsdirektør Tore Tønseth er styremedlem.

Selskapet vart stifta i april i år der planen er å dyrke algar til bruk i fôrproduksjon, men også som helsekost og tilsetjing i kosmetikk.

Dagleg leiar er marinbiolog Morten Laake frå Otta, som har arbeidd med ulike prosjekt innan algeoppdrett i lang tid.

I ein sms til NETT NO skriv Halsebakk at alge har vore eit vanskeleg produkt å utvinne, men at han trur partnaren Morten Laake har løyst gåta.

- Planen er å utvikle dette til ein anstendig årleg produksjon, skriv Halsebakk.

- Investerer breidt
Han viser også til at algeoppdrett kan brukast til fiskefôr, og at Ronja Capital investerer breidt i oppdrett.

Blant anna har Halsebakk satsa tungt i gigantsatsinga Salmon Evolution, som skal drive med landbasert oppdrett ved Hustadvika.

Til Vestlandsnytt seier Morten Laake at planen er i første omgang å byggje eit pilotanlegg med prøveproduksjon i ein av til saman fire reaktorar.

Om alt går etter planen, vil det verte sett i gang kommersiell produksjon i 2022, og han anslår at det på sikt vil vere behov for 10-12 arbeidsplassar.


Planen er å utvikle dette til ein anstendig årleg produksjon

Publisert: 20.07.2020 10:19

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:28