Halsebakk med generasjonskifte
INN PÅ EIGARSIDA: Anja og Robin Halsebakk kom i fjor haust inn på eigarsida i investering- og holdingselskapet Ronja Capital II, der faren Roger (i midten) no eig 52 prosent, medan Anja og Robin eig 24 prosent kvar.
Nytt

Halsebakk med generasjonskifte

Roger Halsebakk og barna Anja og Robin har gjennomført eit delvis generasjonsskifte. Mellom anna for å kome ei gjeninnføring av arveavgift i forkjøpet.

Administrator
04.02.2021

Investeringane til Roger Halsebakk ligg i selskapet Ronja Capital II, der Roger Halsebakk no eig 52 prosent og Anja og Robin Halsebakk eig 24 prosent kvar. Dei tre eig aksjane i Ronja Capital II gjennom kvar sine investeringsselskap.

Medverkande til at generasjonskiftet blei gjort no er uvisse om kva som blir utfallet av eit eventuelt regjeringsskifte til hausten.

- Det er spekulasjonar om gjeninnføring av arveavgift og arveskatt, seier Halsebakk.

Difor er det gjennomført eit delvis generasjonskifte. Resten av generasjonskiftet har han ikkje tenkt å gjennomføre med det første.

- No er det sånn at eg har tenkt å bli 100 år, så då blir det slik ei stund, ler han.

2,1 milliardar
Magasinet Kapital rangerte i fjor Roger Halsebakk på 155. plass på lista over dei 400 rikaste i Noreg, med ei formue på 2,1 milliardar kroner. Då Halsebakk kom inn på lista for første gang, i 2018, kom han på 285. plass, men 1,05 milliardar i formue.

Det er først og fremst brønnbåtsatsinga som har gjort Halsebakk til milliardær. Han skipa Sølvtrans i 1986, der han er dagleg leiar og medeigar. Sølvtrans har både vore børsnotert og hatt ulike investorar med som eigarar. I 2018 kom fond styrt av Antin Infrastructure Partners inn majoritetseigar. Etter den handelen blei Halsebakk med vidare, med 15 prosent av aksjane.

Les også: Halsebakk sel seg litt ned i Sølvtrans

Eige investeringsselskap
Nedsal og gode resultat i Sølvtrans har gjort at Halsebakk har samla opp kapital som han mellom anna har reinvestert i nye verksemder.

Gjennom Ronja Capital II er Halsebakk medeigar i oppdrettselskapet Salmon Evolution med 11,1 prosent av aksjane, medeigar i Pir-bygget i Ålesund, legemiddelselskapt Arctic Bioscience (tidlegare Arctic Nutrition) og fleire andre av investeringane til Pir-miljøet i Ålesund.

Les meir: Arctic Nutrition verdsett til 280 millionar

Les også: Roger Halsebakk inn i Pir-bygget

Nokre investeringar har han og vore mindre heldig med, først og fremst det kriseråka seismikkselskapet Axxis Geo Solution, der Ronja Capital hadde 3,5 prosent av aksjane før dei blei selde med tap.

Les meir: Trekkjer seg frå Axxis-styret etter 11 veker

Sykling og roing
Robin Halsebakk er fødd i 1990 og har arbeidd i Sølvtrans sidan 2017, frå 2019 som chief operating officer. Frå 2011 til 2015 arbeidde han deltid som mannskap på brønnbåt. Han har økonomiutdanning frå Trondheim og Norges Handelshøyskole i Bergen.

Mest kjent er han førebels for sine sykkel- og roturar for å marknadsføre oppdrettsnæringa og samle inn pengar til gode formål.

Les også: Rostafett til inntekt for kreftsaka

Bygger opp Rosenlund
Anja Halsebakk er fire år yngre enn broren og er i full gong med renovering og nybygg ved Rosenlund på Sandsøya. Her satsar Ronja Capital 100 millionar kroner for å bygge ut utfartsstaden til ei verkeleg turistperle.

Anja skal drive det som skal bli ein overnattings- og serveringsstad med husrom til minst 100 personar. Då ho vart intervjua til NETT NO-magasinet i fjor hadde ho håp om at dei skulle vere klare til påska i år.

Les også: Det handlar om å bygge ei øy

Nyleg kom det fram at dei var kraftig forseinka med hotell- og restaurantdelen, då lokalavisa Vestlandsnytt omtala byggesøknaden. Planen er likevel å halde ope i sommar med åtte rom, ny brygge, pub og konferanserom.

Anja har bakgrunn som servitør og stuepike på Hurtigruten, i tillegg til at ho har jobba ved Hageland og i Sølvtrans-reiarlaget. Før ho tok til på Rosenlund, var ho tilsett i investeringsselskapet, Ronja Capital.

Les om fleire generasjonsskifter: Nye tider i familiebedrifta Flakk

Heimegutar i Ervik: – Vi har berre ikkje visst om noko anna


No er det sånn at eg har tenkt å bli 100 år, så då blir det slik ei stund

Publisert: 04.02.2021 06:00

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:29