NETT NO/NPK-NTB: Gjennom Ronja Capital er Roger Halsebakk medeigar i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, som har hatt svært god lønsemd i fleire år på rad.
I fjor hadde han ei netto skattepliktig inntekt på 104 millionar kroner, viser tal frå skattevesenet, skriv E24. Grunnen er eit tilleggsutbytte p å 100 millionar frå investeringsselskapet Ronja Capital.
Det plasserer han på 13. plass på E24 si rangering over dei personane i Noreg med høgast inntekt. Halsebakk betalte 40 millionar kroner i skatt og hadde ein formue på 742 millionar kroner.
Over han på lista er mellom andre fotballtrenar Ole Gunnar Solskjær, på 11. plass med 108 millionar kroner i inntekt og Bjørn Rune Gjelsten med 155 millionar på 5. plass. Heilt på topp står Trond Mohn i Bergen, med 598 millionar kroner.
Witzøe-arving har størst formue
På formuestoppen er Salmar-aksjonær Gustav Magnar Witzøe med 21 milliardar kroner.
Skattelistene vart gjorde offentleg tilgjengeleg tysdag klokka 7. Ei oversikt frå E24 viser at desse fem er oppførte med dei høgaste formuane:
1. Gustav Magnar Witzøe: 20,9 milliardar kroner
2. Kjell Inge Røkke: 19,4 milliardar kroner
3. Ivar Erik Tollefsen: 9,2 milliardar kroner
4. Odd Reitan: 6,1 milliardar kroner
5. Katharina Gamlemshaug Andresen: 5,9 milliardar kroner
Flakk på topp
Rangert etter formue er Hexagon Composites-medeigar Knut Flakk plassert på 82. plass, med ei formue på 896 millionar kroner.
Formuestala frå skattevesenet oppgir formue vurdert etter skattereglane, som ofte ligg langt under reelle verdiar.
Magasinet Kapitial gjer kvart år ei vurdering av den reelle verdiane til dei rikaste i Noreg.
Les meir: Flakk-formue opp 900 millionar
På den rangering kom Flakk på 119. plass med 2,7 milliardar kroner i formue. Halsebakk vart plassert på 155. plass med 2,1 milliardar i formue.
Publisert: 08.12.2020 12:10
Sist oppdatert: 06.08.2021 11:26