Både administrerande direktør Roger Halsebakk og styreleiar Andres Hvide blir sittande i stillingane sine og blir med vidare etter at fond styrt av Antin Infrastructure Partners tek over som majoritetseigar i Silver Holdings, som eig brønnbåtselskapet Sølvtrans.
Seljar er fond styrt av eit anna investeringsselskap, Oaktree. Oaktre kom inn som majoritetseigar då Sølvtrans blei tatt av børs i 2014. Oaktree prisa Sølvtrans til 598 millionar kroner for fire år sidan.
Halsebakk seier det er snakk om "små justeringar " i deira aksjepostar, og at dei etter transaksjonen til saman vil eige under ein tredjepart av aksjane i selskapet.
Halsebakk vil ikkje kommentere kva Antin Infrastructure Partners betalar.
- Planer er å køyre selskapet vidare akkurat slik vi har gjort. Vi visste at Oaktree på eitt tidspunkt måtte selge. Vi har styrka selskapet ved at alle eigarane har kapital i bakhand. Når investorar går inn i eit selskap er det fordi der er vekstmoglegheiter. Vi har vekstambisjonar, seier Halsebakk.
Sølvtrans har i dag 21 skip i arbeid og fire under bygging. Selskapet driv i Noreg, Skottland, Chile og Australia. Hovudkontoret er i Ålesund og selskapet har cirka 300 tilsette.
Seljar er fond styrt av eit anna investeringsselskap, Oaktree. Oaktre kom inn som majoritetseigar då Sølvtrans blei tatt av børs i 2014. Oaktree prisa Sølvtrans til 598 millionar kroner for fire år sidan.
Under ein tredjepart
Før transaksjonen eig Halsebakk sitt selskap Ronja Capital 30,59 prosent i Sølvtrans og Anders Hvide sitt selskap A Hvide Holding 7,01 prosent.Halsebakk seier det er snakk om "små justeringar " i deira aksjepostar, og at dei etter transaksjonen til saman vil eige under ein tredjepart av aksjane i selskapet.
Halsebakk vil ikkje kommentere kva Antin Infrastructure Partners betalar.
Skal vekse vidare
Eigarskifte endrar ikkje vekstplanane for Sølvtrans.- Planer er å køyre selskapet vidare akkurat slik vi har gjort. Vi visste at Oaktree på eitt tidspunkt måtte selge. Vi har styrka selskapet ved at alle eigarane har kapital i bakhand. Når investorar går inn i eit selskap er det fordi der er vekstmoglegheiter. Vi har vekstambisjonar, seier Halsebakk.
Sølvtrans har i dag 21 skip i arbeid og fire under bygging. Selskapet driv i Noreg, Skottland, Chile og Australia. Hovudkontoret er i Ålesund og selskapet har cirka 300 tilsette.
Publisert: 04.09.2018 13:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25






