Halvering av kinobesoeket i fjor
MANGE TOME SETER: Seteradene i norske kinoar stod mykje tome i løpet av fjoråret, viser ferske tal frå Film & Kino. 
Nytt

Halvering av kinobesøket i fjor

Fosnavåg og Måløy klarte seg best i uåret 2020 av kinoane på Nordvestlandet. Besøket sank mest i Ålesund sentrum, viser fersk oversikt.

05.01.2021

NPK-NTB-NETT.NO) Eit «annus horribilis», konstaterer bransjeorganisasjonen Film & Kino etter at talet på kinobesøket her til lands fall med over 57 prosent i fjor.

Situasjonen for kinoane på Nordvestlandet er like ille som i resten av landet (sjå liste under).

Minst verst i Måløy og Fosnavåg
Måløy kino og Fosnavåg kino klarte seg best med ein nedgang på høvesvis 42 og 45 prosent, med Sjøborg kino i Ulsteinvik og Storfjord kino i Stranda på dei neste plassane.

Størst nedgang av kinoane på Sunnmøre og Nordfjord hadde Nordisk Film Kino i Ålesund sentrum (Løvenvold Kinosenter) med heile 93 prosent. Også Ørskog kino hadde ein nedgang på meir enn 85 prosent.

Odeon på Amfi Moa-senteret i Ålesund er den klart største av kinoane på Nordvestlandet. I 2019 hadde dei heile 217.000 besøkande. I kriseåret 2020 blei besøket meir enn halvert med kring 105.000 besøk.

Tal til og med november viser at inntektene til dei ulike kinoane sank tilsvarande som besøket.

(sjå heile lista under)

Dramatisk fall i vår
Etter ein hyggjeleg oppgang i besøktstala på landsbasis i januar på 14,5 prosent, fall kinobesøket dramatisk etter at koronapandemien gjorde sitt inntog i mars, og Noreg stengde ned.

– Med alle former for avgrensingar og restriksjonar og tidvis nedstengingar kunne vi ikkje forvente noko anna enn ein kraftig nedgang, seier Film & Kino-direktør Guttorm Petterson.

Ny rekord for norsk film
Totalt hadde norske kinoar drygt 4,8 millionar besøk i 2020. Sidan dei store, som regel amerikanske filmane utevart, fekk norske filmar eit oppsving. Over 35 prosent av kinogjengarane såg norske filmar, noko som er ny rekord.

– Halvparten av filmane på topp ti er norske, seier Petterson.

Den norske filmen «Børning 3» toppar besøkslista, medan den sørkoreanske Oscar-vinnaren «Parasite» hamna på 6. plass.

Kinoar på Sunnmøre og Nordfjord (prosentvis nedgang 2019/20)

  • Måløy kino, Kinn −42,63
  • Fosnavåg kino, Herøy −45,02
  • Sjøborg kino, Ulstein −46,49
  • Storfjord kino/kulturhus −46,61
  • Stad kino, Nordfjordeid −47,38
  • Haram kino −49,03
  • Odeon Ålesund −51,47
  • Volda Filmteater −51,55
  • Gloppen kommunale kino −53,04
  • Sykkylven kino −61,66
  • Ørsta kulturhus og kino −61,82
  • Stryn kino −63,52
  • Ørskog kino −85,45
  • Nordisk Film Kino, Ålesund −93,00

Les også: Rekordår for Sigrid

Nytt jubelår før koronastoppen

Storfilm gir arbeid til lokale bedrifter

Momentium har sikra seg til sommaren 2021


Med alle former for avgrensingar og restriksjonar og tidvis nedstengingar kunne vi ikkje forvente noko anna enn ein kraftig nedgang

Publisert: 05.01.2021 14:32

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:14