Børsdagen: Halvert i verdi
Var verdt sju milliardar kroner. Er verdt 3,4 milliardar no.
Dagens tapar på børsen er Norva24, med eit kursfall på 3,89 prosent, til 18,80 kroner aksjen.
Selskapet, som spring ut frå industrimiljøet i Stryn, har blitt eit internasjonalt konsern som spesialiserer seg på vedlikehald av infrastruktur under bakken.
Nær botnnotering
I august i fjor var selskapet, som er notert på børsen i Stockholm, verdsett til over sju milliardar svenske kroner.
Etterpå har det stort sett gått nedover med aksjekursen. Dagens kurs er nær den lågaste selskapet har hatt og verdset Norva24 til 3,4 milliardar kroner.
Børsvinnar for andre dag
For andre dag på rad er Atlantic Sapphire børsvinnar blant selskapa på Nordvestlandet.
Aksjekursen i Atlantic Sapphire steig med 8,77 prosent i gå, og ytterlegare 11,34 prosent i dag.
Oppgangen kom etter at selskapet etter børsslutt onsdag ettermiddag melde at det hadde får orden på kjølekapasiteten, slik at laksen i det landbaserte oppdrettsanlegget ved Miami kan vekse som den skal.
Seinast i september henta selskapet inn 702 millionar kroner i ny eigenkapital til 1,40 kroner aksjen.
Vil kutte kostnadar
Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse i Vestnes, men verksemda foregår i USA.
Ideen er å drive oppdrett på land og forsyne marknaden i USA, utan transportkostnadane som oppdrettarar i Noreg har, når dei eksporterer til USA.
Så langt har andre kostnadar dukka opp i staden for Atlantic Sapphire, men dei to siste dagane har investorane i alle fall fått eit lite løft.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 1,77 | 11,21 % |
Havila Shipping | 9,12 | 1,56 % |
Endúr | 42,00 | 0,72 % |
Hofseth Biocare | 2,89 | 0,70 % |
Hav Group | 8,78 | 0,69 % |
Arctic Bioscience | 8,98 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,20 | -0,17 % |
Hexagon Composites | 26,78 | -0,37 % |
Salmon Evolution | 6,09 | -0,98 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,69 | -1,10 % |
Sparebanken Møre | 78,20 | -2,13 % |
Havila Kystruten | 0,93 | -2,92 % |
Statt Torsk | 0,55 | -3,18 % |
Hexagon Purus | 11,44 | -3,87 % |
Norva 24 Group* | 18,80 | -3,89 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 13.10.2023 17:00
Sist oppdatert: 14.10.2023 10:09