Nytt
Hampidjan ute av Mørenot-kjøp
Det islandske fiskeriutstyrskonsernet Hampidjan har trekt seg frå å kjøpe Mørenot. Ein kandidat att.
15.03.2018
Hampidjan sende tidlegare i kveld ut melding om at selskapet ikkje lenger forhandlar om å overta Mørenot.
I starten av desember i fjor kom Hampidjan med ei børsmelding om at selskapet var i samtalar om eit Mørenot-kjøp, men no er dei samtalane over.
- Vi forhandlar med ein annan kandidat, seier Berge.
Han vil ikke tidfeste når utfallet av forhandlingane er avklart, ut over at avklaringa ikkje er langt unna.
- Det bør ikkje ta veldig lang tid, seier han.
- Eigarane har snakka om konsolidering i bransjen, og den ser vi kjem. Dette gjer at vi har starta prosessen for å sjå om det er riktig å selge, sa Berge til NETT NO i august i fjor.
Dei tre største med kvar 11,4 prosent av aksjane er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Bodil Larsen og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved starten av 2017.
I starten av desember i fjor kom Hampidjan med ei børsmelding om at selskapet var i samtalar om eit Mørenot-kjøp, men no er dei samtalane over.
Forhandlar med ein kandidat
Administrerande direktør Knut Berge seier det er ein mogleg kjøpar att i salsprosessen, etter at Hampidjan har trekt seg.- Vi forhandlar med ein annan kandidat, seier Berge.
Han vil ikke tidfeste når utfallet av forhandlingane er avklart, ut over at avklaringa ikkje er langt unna.
- Det bør ikkje ta veldig lang tid, seier han.
Starta salsarbeidet i fjor
Mørenot leigde i fjor sommar inn Saga Corporate til å hjelpe seg med salet, og eit prospekt blei sendt til moglege kjøparar i september.- Eigarane har snakka om konsolidering i bransjen, og den ser vi kjem. Dette gjer at vi har starta prosessen for å sjå om det er riktig å selge, sa Berge til NETT NO i august i fjor.
Mange eigarar
Mørenot har heile 23 aksjonærar. Hovudkontoret ligg i Søvika i Haram.Dei tre største med kvar 11,4 prosent av aksjane er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Bodil Larsen og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved starten av 2017.
Publisert: 15.03.2018 21:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19