Han skal leie hydrogenselskap
SJEF FOR HYDROGENSELSKAP: Kristian Osnes (innfelt) blir dagleg leiar for nysatsinga Havyard Hydrogen. 
Nytt

Han skal leie hydrogenselskap

Havyard-aksjen har ikkje vore høgare på to år - gjorde nytt kurshopp etter hydrogennyheit. 

Marius Rosbach
19.11.2020
Havyard-konsernet etablerer selskapet Havyard Hydrogen, som skal levere komplette system for bruk av hydrogen om bord på skip.
Det første systemet vil vere klart til prinsipiell godkjenning neste år, opplyser selskapet i ei torsdag.

Børsverdien med nytt hopp

Marknaden bruke ikkje mange minutta på å sende til Havyard Group på Oslo børs rett opp. En dryg time etter nyheita blei kjent, var kursen opp 34 prosent i løpet av dagen. Då børsen stengte enda verdien litt lågare - men likevel meir enn 28 prosent auka samanlikna med dagen før.
Verdien på selskapet har gått bratt opp dei siste vekene, men frå eit lågt nivå. Toppnoteringa i løpet av torsdagen var på 10,25 kroner. Det er høgste verdien på aksjen siden desember 2018.
Børsverdien på selskapet er drygt 250 millionar kroner torsdag.

Skal kommersialisere løysingane

Konsernet har i fleire år halde på med forsking- og utviklingsarbeid i samband med hydrogen. Mellom anna har dei vore involvert i eit Pilot E-prosjekt der målet er å utvikle eit fullskala maritimt hydrogenprosjekt.
Konsernet samlar no kunnskapen om hydrogen i selskapet Havyard Hydrogen der Kristian Osnes blir dagleg leiar. Han kjem frå forskings- og utviklingsavdelinga til konsernet.
Osnes fortel at dei no rustar seg for å kunne kommersialisere deira løysingar for hydrogen gjennom -prosjektet.
Han meiner timingen er rett både i høve etterspurnaden i marknaden og reguleringar frå styresmaktene.

Har jobba mot større system

Osnes fortel i pressemeldinga at konsernet har samla betydeleg kunnskap om hydrogen. Forskingsarbeidet deira på området har vore mest retta mot moglegheitene for å få på plass større system for bruk av hydrogen om bord på skip.
– No kan vi tilby 3,2 MW-brenselcelle. Dette gjer det mogleg for større farty å segle utsleppsfritt over lengre avstandar. Samtidig er systemet skalerbart og kan brukast både på større og mindre skip, uttalar Osnes.
Havyard skal også samarbeide med andre selskap i konsernet som kan levere design, og komplette kontroll- og styringssystem.

Les også:





Dette gjer det mogleg for større farty å segle utsleppsfritt over lengre avstandar. Samtidig er systemet skalerbart og kan brukast både på større og mindre skip

Publisert: 19.11.2020 16:24

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:38