Hankar inn nye kontraktar og treng fleire tilsette
Servi Ulsteinvik har rekordstor ordreinngang og jaktar fleire tilsette.
Selskapet er no oppe i 44 tilsette og har ein ordrereserve på nærmare 100 millionar kroner.
Selskapet opplyser i ei pressemelding at mykje av veksten kjem innanfor Servi si satsing på styresystem og automasjon.
Pelebilar
Blant anna har selskapet fått kontrakt på komplett systemleveranse til to nye pelebilar "Rail Rig" for autovernmotering til Storvik/Arvid Gjerde.
Kontrakten gjeld også systemleveranse på mekanikk, hydraulikk, pneumatikk, elektro og automasjonssystem.
Fjernstyrt køyring
Pelebilane er baserte på fireaksla Mercedes-Benz lastebilar med eit større påbygg.
- Av funksjonar kan nemnast eit automatisert sjølv-vatrande bore- og peletårn og fjernstyrt køyring av lastebilen, opplyser Servi Ulsteinvik.
Selskapet har utstyrt fem slike køyretøy tidlegare.
Planlagt leveranse til kunde er hausten 2022, og ferdigstillinga foregår i Ulsteinvik.
Gangveg-leveranse
I tillegg melder selskapet om fleire kontraktar på levering av hydraulikksystem til bølgjekompenserte gangvegar.
Gangvegane skal nyttast til persontransport mellom skip og offshore vind-installasjonar.
Selskapet opplyser ikkje kven kunden men, men det skal vere ein leiande aktør innanfor offshore vind.
Anlegga skal leverast i 2022 og våren 2023.
Publisert: 14.01.2022 15:45
Sist oppdatert: 15.01.2022 01:20