Nytt
Har auka med 35 tilsette siste 18 månader
Entreprenørselskapet K. Nordang veks kraftig, og har no passert 120 tilsette. 35 av dei er tilsette siste 18 månadene.
18.07.2019
- Ja, det ser bra ut. Nybyggingsaktiviteten er stor i regionen og vi kjem til å få ein stor omsetningwvekst i år.
- I alle fall kjem vi til å passere 400 millionar kroner, seier dagleg leiar Kjetil Nordang.
- Det er Fri Sikt på Volsdalsberga, Sjøgata i Ulsteinvik, Orkla på Stranda, Grilstad på Stranda og ny ferjekai i Volda - for å nemne nokre, seier Nordang.
Den auka ordremengda har ført til mange nytilsetjingar.
- Har folk ein sikker, men samstundes interessant jobb i eit godt arbeidsmiljø, så ordnar det seg normalt.
- Vi ser framleis etter fleire tilsette, om vi finn dei rette folka, seier Nordang.
Han er spesielt glad for at ein har lukkast å rekruttere ti lærlingar.
- Vi har som mål at minst ti prosent av arbeidsstokken skal ha vore eigne lærlingar, seier han.
Peab hadde i fjor ei samla omsetning på 58 milliardar kroner, og hadde totalt 15.000 tilsette.
Kjetil Nordang angrar ikkje på salet til Peab, og seier at ein i praksis styrer seg stort sett sjølve.
- Vi har stor grad av friheit, og det fungerer svært godt å vere ein del av Peab Bygg Norge, seier Nordang.
Selskapet har hovedkontor på Stranda og avdelingskontor i Ålesund og Ulsteinvik.
- Vi har konsentrert oss om Sunnmøre, i alle fall hittil, seier Nordang.
- I alle fall kjem vi til å passere 400 millionar kroner, seier dagleg leiar Kjetil Nordang.
Mange store prosjekt
I fjor stoppa omsetninga for Stranda-selskapet på 316 millionar kroner, men no står mange store prosjekt i kø.- Det er Fri Sikt på Volsdalsberga, Sjøgata i Ulsteinvik, Orkla på Stranda, Grilstad på Stranda og ny ferjekai i Volda - for å nemne nokre, seier Nordang.
Den auka ordremengda har ført til mange nytilsetjingar.
Ti lærlingar
Nordang seier at det er kamp om arbeidskrafta, men at dei har vore heldige.- Har folk ein sikker, men samstundes interessant jobb i eit godt arbeidsmiljø, så ordnar det seg normalt.
- Vi ser framleis etter fleire tilsette, om vi finn dei rette folka, seier Nordang.
Han er spesielt glad for at ein har lukkast å rekruttere ti lærlingar.
- Vi har som mål at minst ti prosent av arbeidsstokken skal ha vore eigne lærlingar, seier han.
- Stor grad av friheit
K. Nordang er eigd av Peab Bygg Norge, som er det norske dotterselskapet til det svenske storkonsernet Peab.Peab hadde i fjor ei samla omsetning på 58 milliardar kroner, og hadde totalt 15.000 tilsette.
Kjetil Nordang angrar ikkje på salet til Peab, og seier at ein i praksis styrer seg stort sett sjølve.
- Vi har stor grad av friheit, og det fungerer svært godt å vere ein del av Peab Bygg Norge, seier Nordang.
Selskapet har hovedkontor på Stranda og avdelingskontor i Ålesund og Ulsteinvik.
- Vi har konsentrert oss om Sunnmøre, i alle fall hittil, seier Nordang.
Vi ser framleis etter fleire tilsette, om vi finn dei rette folka
Publisert: 18.07.2019 05:58
Sist oppdatert: 24.11.2022 14:32