Aquaservice i Sykkylven er i godt driv etter at tilsette tok over som eigarar i 2021.
I første driftsåret omsette dei for 17 millionar. Så skaut inntektene oppover til 40 millionar i 2022 og 49 millionar i 2023.
– Vi har fått det til ganske bra, seier dagleg leiar Asgeir Skogstad til Nett.no om utviklinga.
Marginane har samtidig vore knappe. Fjoråret enda med eit resultat før skatt på under ein halv million (sjå tabell under).
Plastspesialistar
Produksjonsbedrifta med kring 30 tilsette er spesialistar på HDPE-produkt – ein form for polyetylen-plast, og lagar ein rekke ulike løysingar for å reinse, flytte, kjøle eller varm vatn.
Dei har også spesialprodukt som lette plastbåtar. Kundane kjem i hovudsak frå havbruk og maritim bransje.

Satsa meir på eigne produkt
Skogstad fortel at omsetninga blir lågare i 2024 enn fjor, men at dei framleis vil ligge godt over nivået dei hadde under dei førre eigarane.
Han påpeikar at dei framleis har eit godt samarbeid med Scale Aquaculture, og at grunnlaget for veksten blei lagt då.
– Vi jobba ein del med å få ut våre eigne produkt, og prioriterte ned internproduksjonen, seier Skogstad.
Eigarane i dag er Jens Arne Strandabø, Per-Anton Støylen og Asgeir Skogstad, som alle har ein tredel kvar av selskapet.
Første leveranse av ny båttype
Måndag kunne Aquaservice fortelje at dei har levert dei to første båtane av ein ny type dei har utvikla, kalla «HardRIB».
Til saman skal dei levere fire slike båtar til oppdrettsselskapet Salaks.
Asgeir Skogstad fortel at bedrifta også laga båtar den gong dei var eigd av Ocea/Steinsvik, og seinare Scale Aquaculture.
Etter at dei tilsette kjøpte ut det Trondheim-baserte konsernet, har dei halde fram med å utforske denne marknaden.
Må vere slitesterke og trygge
Resultatet er blitt det Skogstad omtalar som «ein veldig sjødyktig båt, og som ikkje slår – men går roleg i sjøen».
– Vi har vidareutvikle den båttypen og samarbeida med den anerkjende designaren Ola Lilloe-Olsen og gjort testar ved Stadt Towing Tank, fortel han.
Båtane skal praktisk talt ikkje trenge vedlikehald og skal brukast i daglege operasjonar hos Salaks.
Då trengst båtar som er slitesterke og trygge, samtidig som dei skal ha plass og stabilitet, uttaler driftssjef Terje Bertheussen i Salaks i ei pressemelding om leveransen.
Aquaservice As | ||
I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 49,1 | 40,1 |
Driftsresultat | 1,9 | 0,7 |
Resultat før skatt | 0,5 | -0,5 |
Publisert: 12.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 11.11.2024 19:01