Kraft
STRAUMPRIS: Store variasjonar i straumprisen, her elspotprisen klokka 07:30 onsdag morgon. Dei grøne pilane er flytretning. Skjermdump frå Statnett.
Nytt

Har av dei lavaste straumprisane i Europa

Synst du straumprisen på Nordvestlandet er høg? Dei fleste andre har det faktisk langt verre.

06.10.2021

Aldri før har det vore større prisskilnader på straum i Europa, men trass i høge kraftprisar er faktisk Midt-Norge ein del av eit europeisk lavprisområde.

Ser ein på elspotprisen for onsdag morgon hadde Midt-Norge og Nord-Norge ein spotpris på 56,39 øre kWh, medan prisen var nesten det doble i Sør-Norge, Sør-Sverige og Baltikum. Ser ein på Danmark var spotprisen heile 220,00 øre kWh, og endå verre var det lenger sør i Europa.

Lite nedbør
I marknadsrapporten for september skriv kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi at kraftprisane i Norden er godt under dei tyske medan desse igjen er langt lågare enn i Storbritannia og Sør-Europa.

Han viser til at Meteorologisk institutt melder at nedbøren i september for landet vart 85 % av normalen, men dei regionale skilnadene var store. Sør-Noreg fekk lite medan det var vått i Nord-Noreg.

Fleire stasjonar i Agder fekk berre 20-35 % medan i Troms og Finnmark og i Innlandet fekk nokre målestasjonar frå 150 til 200 %.

- Hydrologiske differansar mellom nord og sør er med å gi dei store prisskilnadene, men først og fremst er det høge prisar på fossile brensler som gass og kol kombinert med rekordhøge prisar på klimakvotar som har gitt særs høg pris på kraft i Europa, skriv Havåg.

Utfordrar det grøne skiftet
Han viser til at det var lite vind i september og dette har gitt enda større trong for gasskraft.

- Desse prisane smittar langt sterkare inn i Sør-Noreg enn her i nord. Asiatiske energiprisar legg press på den europeiske marknaden gjennom september.

- Det grøne skiftet vert no utfordra av høge energiprisar. I kva grad dei klimapolitiske prosessane vert utfordra av prisnivået, både i Brussel, her heime, men også på det komande klimatoppmøtet i Skottland, vert å følgje med på utetter hausten.

Publisert: 06.10.2021 07:36

Sist oppdatert: 06.10.2021 08:01

Mer om