Harald Nordal Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
TILTAK FOR Å REKRUTTERE PASIENTAR: Administrerande direktør Christer Valderhaug (t.h.) og styreleiar Harald Nordal i Arctic Bioscience under arrangementet Investormatch i Ålesund i mars.
Nytt

Har brukt meir tid enn venta

Arctic Bioscience treng pasientar til studie.

08.05.2023

Arctic Bioscience i Ørsta er i gang med ein stor internasjonale studie for å dokumenterer om selskapet sitt produkt basert på silderogn kan godkjennast som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.

Den første pasienten vart innrullert i studien i januar i år, i Storbritannia.

I alt 519 pasientar skal vere med, men det har ikkje gått så raskt å kome i gang som Arctic Bioscience hadde håpa.

Vil ha fart på rekrutteringa
"Prosessene med godkjenning av søknad om å gjennomføre den kliniske studien og enkelte aspekter knyttet til globale logistikkoperasjoner har tatt lenger tid enn forventet. Arctic Bioscience har iverksatt ytterligere tiltak for å sikre rettidig rekruttering av pasienter.", skriv Arctic Bioscience oppdatering om status per 1. kvartal 2023.

Les børsmelding her

Selskapet skriv at det ventar at rekrutteringa vil foregå i god fart gjennom sommaren og utover hausten.

Helsekost
I tillegg til legemiddelutvikling produserer Arctic Bioscience helsekostprodukt basert på silderogn.

Driftsinntektene auke med 39 prosent, til 7,8 millionar kroner i 1. kvartal 2023 samanlikna med 1. kvartal 2022, ifølgje børsmeldinga.

Driftsresultatet før av- og nedskriving (ebitda) blei minus 12,1 millionar kroner.

Publisert: 08.05.2023 09:50

Sist oppdatert: 08.05.2023 09:50

Mer om