Nytt
Har delt 750 millionar
Dei tidlegare eigarane av familieeigde Sperre Compressors har delt 750 millionar kroner mellom sine private investeringsselskap.
10.05.2019
Fordelinga vart gjennomført i førre veke, seier dagleg leiar Erik Langseth i SMV Invest, holdingselskapet til han og dei fem andre tidlegare eigarane i kompressorprodusenten på Ellingsøya.
Investeringsfondet Norvestor og deler av leiinga i Sperre Compressors kjøpte i fjor ut kompressorverksemda, som var den største verksemda i konsernet.
Transaksjonen omfatta fem selskap; tre sals- og serviceselskap i utlandet (Shanghai, Singapore og Rotterdam), Sperre Sveis i Haram og Sperre Industri på Ellingsøya.
Prisen vart ikkje opplyst, men av reknskapa som no er levert til Brønnøysund går det fram at SMV Invest har bokført gevinsten inn under annan finansinntekt, som er på 695 millionar kroner. Bokført verdi var knappe 10 millionar.
Ole Kristian Sperre (30,43 prosent, Cavima Invest as), Erik Langseth (25,65 prosent, Badstuggu as), Synnøve Hagerup Sperre (18,48 prosent, Srk Holding as), Harald Normann Ness (8,48 prosent, Business Invest as), Odd Ståle Sperre Ness (8,48 prosent, Osvest as) og Bjørn Einar Sperre Ness (8,48 prosent, Beness Invest as).
Langseth vil ikkje gå i detaljar om korleis dei tidlegare Sperre Compressor-eigarane vil investere pengane sine, men seier det først og fremst er snakk om finansielle plasseringar.
- Det er ikkje slik at vi aktivt søkjer industriinvesterings-moglegheiter på Sunnmøre, seier han.
Sjølv om verdien etter salet no er fordelt og blir forvalta kvar for seg, vil dei seks eigarane framleis ha felles investeringar gjennom SMV Invest. Der ligg varmevekslarprodusenten Hydronic Coolers (tidlegare Sperre Coolers), eit støyperi i Riga, industrieigedomane på Ellingsøya og rundt 100 millionar kroner som er investert i finansmarknaden.
- Vi sleit litt med å sjå gode løysingar for fjerde generasjon, sa Langseth til NETT NO etter salet.
Investeringsfondet Norvestor og deler av leiinga i Sperre Compressors kjøpte i fjor ut kompressorverksemda, som var den største verksemda i konsernet.
Transaksjonen omfatta fem selskap; tre sals- og serviceselskap i utlandet (Shanghai, Singapore og Rotterdam), Sperre Sveis i Haram og Sperre Industri på Ellingsøya.
Prisen vart ikkje opplyst, men av reknskapa som no er levert til Brønnøysund går det fram at SMV Invest har bokført gevinsten inn under annan finansinntekt, som er på 695 millionar kroner. Bokført verdi var knappe 10 millionar.
Finansinvesteringar
Dette er dei tidlegare eigarane av Sperre Compressors, med eigarandel og namn på investeringselskapet dei har i parantes:Ole Kristian Sperre (30,43 prosent, Cavima Invest as), Erik Langseth (25,65 prosent, Badstuggu as), Synnøve Hagerup Sperre (18,48 prosent, Srk Holding as), Harald Normann Ness (8,48 prosent, Business Invest as), Odd Ståle Sperre Ness (8,48 prosent, Osvest as) og Bjørn Einar Sperre Ness (8,48 prosent, Beness Invest as).
Langseth vil ikkje gå i detaljar om korleis dei tidlegare Sperre Compressor-eigarane vil investere pengane sine, men seier det først og fremst er snakk om finansielle plasseringar.
- Det er ikkje slik at vi aktivt søkjer industriinvesterings-moglegheiter på Sunnmøre, seier han.
Investerer saman
Eigarane fekk tilført 750 millionar kroner til sitt tidlegare holdingselskap etter salet, der pengane frå salet av kompressorverksemda utgjer største delen. Det tidlegare holdingselskapet er no delt opp i seks investeringsselskap. Oppdelinga blei kunngjort 29. april og det tidlegare holdingselskapet sletta same dag.Sjølv om verdien etter salet no er fordelt og blir forvalta kvar for seg, vil dei seks eigarane framleis ha felles investeringar gjennom SMV Invest. Der ligg varmevekslarprodusenten Hydronic Coolers (tidlegare Sperre Coolers), eit støyperi i Riga, industrieigedomane på Ellingsøya og rundt 100 millionar kroner som er investert i finansmarknaden.
Utløyst av generasjonsskifte
Dei seks seljarane er søskenbarn og alle har passert 50. Vurderingar om eit generasjonskifte var med på å utløyse salet i fjor.- Vi sleit litt med å sjå gode løysingar for fjerde generasjon, sa Langseth til NETT NO etter salet.
Publisert: 10.05.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35