Etter å ha stige med over 70 prosent på børsen torsdag, ligg aksjekursen roleg for Axxis Geo Solutions fredag.
Aksjen vert i tidleg handel omsett til rundt 1,18 kroner aksjen, noko som prisar heile selskapet til 69 millionar kroner.
Aksjen er dermed opp 32 prosent siste månaden og 146 prosent siste tre månadene, men er framleis langt bak kursen då selskapet gjekk på børs.
Bakgrunnen for den siste kursauken er at selskapet torsdag melde at ein hadde oppnådd avtale med sentrale kreditorar om å omgjere leverandørgjeld til lån.
Ei rekkje investorar frå Sunnmøre er aksjonærar i selskapet som satsar primært på nodeseismikk.
Største aksjonær er Havila Holding med 26,4 prosent av aksjane, medan Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital er nest størst med 3,51 prosent.
Haugo eig no 2,6 prosent av aksjane i Axxis. Til dagleg er Haugo dagleg leiar i Norsk Saneringsservice, som er eitt av norges største selskap innan sanering og miljøservice.
Selskapet er no i gang med å utføre nodeseismikk i Nordsjøen for Equinor. Arbeidet vert utført av Axxis-eigde Neptune Naiad og dei to Havila Shipping-skipa Havila Fortune og Havila Aurora.
Aksjen vert i tidleg handel omsett til rundt 1,18 kroner aksjen, noko som prisar heile selskapet til 69 millionar kroner.
Aksjen er dermed opp 32 prosent siste månaden og 146 prosent siste tre månadene, men er framleis langt bak kursen då selskapet gjekk på børs.
Bakgrunnen for den siste kursauken er at selskapet torsdag melde at ein hadde oppnådd avtale med sentrale kreditorar om å omgjere leverandørgjeld til lån.
Sunnmørs-dominert
24,7 millionar US dollar vart omgjort til sikra lån, og 9,5 millionar US dollar vart omgjort til usikra lån.Ei rekkje investorar frå Sunnmøre er aksjonærar i selskapet som satsar primært på nodeseismikk.
Største aksjonær er Havila Holding med 26,4 prosent av aksjane, medan Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital er nest størst med 3,51 prosent.
Telemark-investor
Ein annan som har kjøpt seg opp i selskapet siste månadene er Torbjørn Haugo frå Dalen i Telemark.Haugo eig no 2,6 prosent av aksjane i Axxis. Til dagleg er Haugo dagleg leiar i Norsk Saneringsservice, som er eitt av norges største selskap innan sanering og miljøservice.
Selskapet er no i gang med å utføre nodeseismikk i Nordsjøen for Equinor. Arbeidet vert utført av Axxis-eigde Neptune Naiad og dei to Havila Shipping-skipa Havila Fortune og Havila Aurora.
Publisert: 17.07.2020 09:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00