Har fått fart på familiebedrifta
Dei første pengane har starta å rulle inn for Karsten Warholm, men rekneskapen viser berre delar av inntekta.
Verksemda i Karsten Warholm sitt selskap Sunn Vekst kom for alvor i gong i fjor. Firmaet er på fleire vis ei familiebedrift der Kristine Haddal – mora til Karsten – er dagleg leiar. Regnskapsføringa er det mormora som står for.
– Vi har tre årsverk knytt til Sunn Vekst. Det er trenar Leif Olav Alnes, Karsten og meg. Kort sagt styrer Leif Olav treninga, medan eg har rolla som manager med dei gjeremål det medfører. Også er det sjølvsagt Karsten som har hovudrolla. Hans primære oppgåve er å løpe raskast mogleg på 400 meter hekk, fortel Haddal til NETT NO.
Allereie torsdag er sonen på jobb i Roma i eit nytt forsøkt på å ta verdsrekorden. Etterpå vil han vurdere om han deltek på NM i Bergen komande helg.
Får inntekter frå ulike plassar
Familiebedrifta leverte nyleg årsrapporten for 2019 som viser driftsinntekter på 3,6 millionar og eit overskot på drygt 600.000 kroner. Året i forvegen blei det berre oppført 150.000 kroner i inntekt etter at firmaet blei starta heilt mot slutten av 2018.
Friidrettsutøvaren frå Ulsteinvik og Dimna får inntekter på ulike vis, og alt kjem ikkje fram i rekneskapen til Sunn Vekst-selskapet. I fjor blei det spekulert i at Warholm hadde sikra seg inntekter på meir enn ti millionar.
Mor og dagleg leiar fortel at ho ikkje ønskjer å gå i detalj om storleiken på dei samla inntektene til sonen, men forklarer korleis pengane kjem frå ulike plassar.
Det dreiar seg både om utstyrsavtaler, sponsoravtaler, inntekter frå friidrettsforbundet og Olympiatoppen - og bonusavtalar frå ulike arrangørar og startpengar.
Les også: Karsten Warholm vil få store inntekter
Mindre å gjere grunna korona
Kristine Haddal legg ikkje skjul på at sesongen i år ha vore annleis enn dei hadde tenkt med langt mindre reising og færre konkurransar.
– Dei få stemnene Karsten har delteke på i løpet av seinsommaren og hausten, har ført med seg mykje planlegging for å kunne vere sikre på at dei blei gjennomført i tråd med helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Koronaen kom brått på alle, og det viktigaste har vore å ta del i den nasjonale dugnaden, fortel ho.
Tryggleik og Ulsteinvik-stemne
Haddal forklarar at Sunn Vekst-selskapet i første rekke skal gi tryggleik til laget kring Karsten, og ta seg av det årlege elitestemnet Karsten Warholm International som blir arrangert i Ulsteinvik.
– Vi held oss til notida og selskapet skal primært dekke dei behova som er der i dag. Fokuset er på å legge til rette for gode trenings- og konkurranseperioder. Dei idrettslege prestasjonane er det viktigaste no, fortel ho.
Les også: Sunnmøre Sport føre skjema etter tøff start
Ulstein og Ålesund blant 20 på topp i kommune-NM
Vi held oss til notida og selskapet skal primært dekke dei behova som er der i dag. Fokuset er på å legge til rette for gode trenings- og konkurranseperioder
Sunn Vekst AS | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2019 | 2018 | |
Driftsinntekter | 3,6 | 0,15 |
Driftsresultat | 0,6 | 0,2 |
Res. før skatt | 0,6 | 0,2 |
Publisert: 17.09.2020 05:55
Sist oppdatert: 28.09.2021 10:35