Har faatt oppdrag i Russland
OPPLAG: Her ligg Farland i opplag i Breivika. Skipet skal i juni/juli på nytt oppdrag i Russland.
Nytt

Har fått oppdrag i Russland

Russisk oppstart i juni/juli for Sverre Farstad & co-skipet Farland.

08.05.2020
Fleire offshoreselskap har siste vekene fått oppdrag i Russland.
Solstad Offshore melde nyleg at seks skip har fått oppdrag i Karahavet, og etter det NETT NO kjenner til er det også til Russland Rem Arctic skal til etter at
Dette skipet er no inne til fermårsklassing ved Myklebust Verft.

90 dagar fast

Eit anna reiarlag som har fått russisk oppdrag er Sverre Farstad & co for PSV-en Farland.
Selskapet la i Ålesund tidleg i april etter at spotmarknaden fall fullstendig saman i Nordsjøen.
Ifølgje har skipet no fått kontrakt på 90 dagar fast, pluss opsjonar på 50 dagar.
– For oss er dette veldig viktig. Vi hadde nokre gode spotkontrakter, og så var det som å skru av ein bryter. Plutselig var det null aktivitet og meget utfordrande å få gjort mannskapsbyter.
- Vi såg ikkje nokon annan utveg enn å legge skipet i opplag, seier amd. dir. Svein Leon Aure til Finansavisen.
Russland-kontrakten er venta å starte opp i månedsskiftet juni/juli.

Publisert: 08.05.2020 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57