Fjellstova foto Møremegling 11
TIL SALS: Fjellstova på Ørskogfjellet er til sals for nær åtte millionar kroner. Foto: Møremegling
Nytt

Har gått med tap åtte av ni siste åra

Fjellstova på Ørskogfjellet har slite tungt siste åra.

28.04.2023

Årsrekneskapen for 2022 er no klart. Det viser ei fin inntektsauke frå året før, men likevel hadde selskapet eit negativt resultat før skatt på 24.000 kroner. Året før var resultatet på minus 399.000 kroner.

Med unntak av 2019, då omsetninga var på 5,2 millionar kroner og resultatet før skatt pluss 192.000 kroner, har selskapet gått med tap sidan 2014.

Samla er det negative resultatet før skatt på minus 1,1 millionar kroner for dei ni åra.

(saka held fram etter tabellen)

Fjellstova Ørskog Klein Hulse
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 5,2 4,4
Driftsresultat 0,05 -0,3
Resultat før skatt -0,02 -0,3

Stort areal
Eigedomen er no lagt ut for sal med ein pris på 7,9 millionar kroner. Harry Klein Huse og Hilde Wagemaker har eigd anlegget i rundt 15 år, men ekteparet ønsker no å selje.

Eiendomsmeklar Espen Skarbø i Møremegling fortel til NETT NO at det har vore interesse for eigedomen, men at ein så langt ikkje har kome i mål.

Fjellstova-eigedomen omfattar både restaurant/kafé, rundt 15 campinghytter, leileighet og ladestasjon for elbilar.

På den rundt 33 mål store eigedomen er det også ein oppstillingsplass for bubilar med plass til rundt 50 køyretøy.

Omsetningsvekst
Styret skriv i årsmeldinga at i 2022 har mykje av arbeidet gått med til å auke inntektene og redusere kostnadene. Ein hadde også nokre uventa investeringar. For 2023 er styret optimistiske, med fokus på nøktern drift og omsetningsvekst.

Selskapet sysselsette i fjor fire årsverk.

Samla eigenkapital var ved årsskiftet på minus 0,3 millionar kroner.

Publisert: 28.04.2023 13:30

Sist oppdatert: 28.04.2023 19:51

Mer om