Klippfisk Portugal
PORTUGAL: Sal av norsk klippfisk i Portugal, der Brødr Aarseth har produksjon. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Har gått med underskot sidan 2016

No meiner styret at det er gode sjansar for at utviklinga vil snu.

28.04.2022

Fiskeribedrifta Brødr Aarseth på Ellingsøya auka omsetninga frå 73,3 millionar kroner i 2021 til 126,9 millionar i fjor.

Likevel vart det eit nytt underskot på drifta, noko som bedrifta har slite med sidan 2016. No ser styret lysning.

Brødr Aarseth
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 126,9 73,3
Driftsresultat -0,4 -1,3
Resultat før skatt -0,2 -1,5

Brasil-problem
Brødr Aarseth er store på klippfisk, og i fjor svikta spesielt den brasilianske marknaden. No trur styret at situasjonen i Brasil vil betre seg.

I årsrapporten vert det vist til at covid19-pandemien var hovudårsaka til at det vart eit nytt underskot, denne gongen eit lite underskot.

Styret meiner at det er gode sjansar for at ein skal gå i pluss i år. Dersom det ikkje skjer, vil styret vurdere ei løysing med å konvertere gjeld frå morselskapet Aalesund Seafood, eit selskap som eig 100 prosent av Ellingsøy-bedrifta.

Tapt eigenkapital
Brødr Aarseth har ein trukke kassakreditt på 17,3 millionar kroner med Aalesund Seafood, av ei total ramme på 30 millionar kroner.

Eigenkapitalen i selskapet er samstundes på minus 1,2 millionar kroner, og revisoren skriv at eigenkapitalen er tapt, og at framleis drift er avhengig av vesentleg resultatforbetring eller tilførsle av ny kapital.

Selskapet hadde ved årsskiftet 15 årsverk.

Publisert: 28.04.2022 13:27

Sist oppdatert: 28.04.2022 13:27

Mer om