Har ikkje fleire tiltak for gruenderbedrifter
IKKJE MEIR HJELP: Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal frå Ørsta ville vite om finansminister Jan Tore Sanner (innfelt) ville gjere meir for oppstartsbedrifter. 
Nytt

Har ikkje fleire tiltak for gründerbedrifter

Finansministeren skeptisk til å utvide krisehjelpa.

Marius Rosbach
24.08.2020
Ap-politikar Fredric Holen Bjørdal spurde finansminister Jan Tore Sanner i Stortinget om statsråden hadde vurdert, eller vil vurdere grep for å sikre at nystarta bedrifter var sikra betre støtte frå krisetiltaka regjeringa har sett i verk som følgje av koronautbrotet.
Bjørdal viste i sitt spørsmål til at fleire som starta opp i 2020 - men før koronasituasjonen - ikkje har omsetningstal å vise til og kan ha vanskeleg for å bli omfatta av støtte- og kompensasjonsordningar.

Vil ikkje rekne inn budsjetterte tap

Den sokalla kontantstøtte gir i første rekkje tilskot til bedrifter som kan vise til omsetningssvikt. Grunderbedrifter som starta opp tidleg på året, kan ha budsjettert med auka omsetning – og såleis vere utsett for tap.
Finansminister Sanner skriv at om kompensasjonsordninga skulle rekna med omsetningsfall med utgangspunkt i venta, eller budsjettert omsetning, ville det vore ei betydeleg endring av ordninga.
«Det ville ikke la seg gjøre å finne objektive kriterier for å beregne bortfall av omsetning i foretak som ennå ikke har hatt omsetning. Forvaltningen av ordningen er allerede svært ressurskrevende og legger beslag på mye kapasitet hos Skatteetaten», heiter det i vidare i .

Kan få lån og tilskot

Sanner viser i staden til at ordningane med kriselån, etablerartilskot og innovasjonstilskot kan være alternativ for bedrifter i ein slik situasjon.
«Jeg håper at mange nye og innovative bedrifter som ikke hadde kommet ordentlig i gang med aktivitet før krisen, får nytte av en eller flere av ordningene for vekstbedrifter som er beskrevet her», avslutter Sanner.

Les også:




Det ville ikke la seg gjøre å finne objektive kriterier for å beregne bortfall av omsetning i foretak som ennå ikke har hatt omsetning

Publisert: 24.08.2020 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01