Har ikkje gitt opp Kleven kampen
KONFLIKTFYLT: Div Group-eigar Tomislav Debeljak kort tid etter han har fortald dei tilsette på Kleven at verftet var konkurs. Den kroatiske verftseigaren fekk eit konfliktfylt forhold til både verftsdirektør Kjetil Bollestad (oppe t.h.), finansdirektør Ola Beinnes Fosse (midten t.h.) og Jan Rune Hurlen (nede t.h.) sin arbeidsgjevar, Sparebank 1 SMN, ifølgje beretninga til bustyrar Bjørn Åge Hamre. 
Nytt

Har ikkje gitt opp Kleven-kampen

Granskinga etter Kleven-konkursen er i sluttfasen. Samtidig kjem Div Group med fleire skuldingar og fortel at dei framleis undersøker saka på eiga hand.

Marius Rosbach
05.02.2021

Eit drygt halvår etter konkursen i Kleven Verft og dei tilhøyrande selskapa, nærmar bustyrar Bjørn Åge Hamre seg slutten av sitt granskingsarbeid.

Han anslår at dei vil levere sine konklusjonar om ein til to månader, etter eit omfattande arbeid med å nøste opp i kva som skjedde då det tradisjonsrike verftet gjekk over ende.

– Vi er i sluttfasen med burevisor sin rapport. Samtidig vil det kome ei vurdering frå buet si side om kva som skjedde forut for konkursen, fortel Hamre til NETT NO.

Førebels er det laga ei beretning etter konkursen i august, der det ikkje blir teke stilling til om det er grunn til å rette kritikk mot styret, eller leiinga. Hamre påpeiker at han førebels ikkje vil kommentere den sida av saka.

– Men det vil naturlegvis vere omhandla. Sjølve kjernen i det vi vurderer er styret og leiinga sine roller og handlingar, legg han til.

Fekk åtvaringar
Det har ikkje mangla på harde skuldingar i dramaet sidan det kroatiske verftskonsernet kom inn som nye eigarar vinteren 2020.

Allereie før Div Group-eigar Tomislav Debeljak skreiv under kjøpsavtalen, fekk ei rekke personar i lokalmiljøet ein e-post frå ein EU-politikar med ei åtvaring om framferda til forretningsmannen i heimlandet.

Kleven-leiinga hyra inn advokatar til å undersøke saka, men fann ikkje hald i skuldingane. Det enda som kjent med at Div Group kjøpte verftet.

Konfliktfylt frå starten
Forholdet mellom den nye eigaren og verftsleiinga var ifølge beretninga frå bustyrar konfliktfylt frå starten. I slutten av juni toppa det seg.

Etter at administrerande direktør Kjetil Bollestad hadde sagt opp, uttalte han til NETT NO at: «Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av» .

På same tid terminerte fleire av bankane avtalane sine, kontoane til verftet blei frose og Div Group sende ut ein e-post der dei åtvara om faren for konkurs.

Vil framleis gå til «rettslege skritt»
Allereie før konkursen var eit faktum, var Div Group-eigar Tomislav Debeljak tydeleg på at dei kjente seg urettvist behandla, og varsla søksmål mot bankane.

I dag held Div Group fast på denne oppfatninga og kjem med nye skuldingar både mot den tidlegare verftsleiinga og bankane. Kommunikasjonssjef Josip Jurišić skriv i ein e-post at dei framleis undersøker saka og at dei håpar å vere ferdig snart.

Då vil dei ta «rettslege skritt» for å beskytte interessene sine – og dei tilsette på Kleven, får NETT NO opplyst.

Fleire skuldingar
Det er kjent at Debeljak var misnøgd med avtalen om at Kleven overtok bygginga av ein PSV for Havyard, og at oppdraget var utløysande for konkursen. I sine svar til NETT NO, kjem også Div Group sin talsmann med fleire påstandar som ikkje har vore kjent offentleg.

Jurišić fortel mellom anna at Div Group meiner verftsleiinga ved verftsdirektør Kjetil Bollestad og dåverande finansdirektør Ola Beinnes Fosse inngjekk avtalen på eige initiativ, «utanom alle bransjestandardar» og at det seinare blei gitt uriktige opplysningar til tredjepartar som gjorde desse i stand til å fryse kontoane og «robbe pengar som ikkje var deira».

DIV Group opplyser også at dei i samband med Kleven-kjøpet opplevde eit «ekstremt fiendtleg miljø for utanlandske investeringar», og at det blei lagt hindringar i vegen for at verftet skulle få drive verksemda som normalt.

– Grunnlause og feilaktige påstandar
NETT NO har lagt fram skuldingane frå DIV Group for verftsdirektør Kjetil Bollestad og dåverande finansdirektør Ola Beinnes Fosse, som var sentrale i den lokale leiinga ved verftet i den konfliktfylte perioden.

Begge er kjende med skuldingane frå før, og vil ikkje gå inn på innhaldet utover følgjande kommentar frå Bollestad:

– Alle som kjenner meg og Ola, og som var med i prosessen, veit at dette er grunnlause og feilaktige påstandar som ikkje har rot i verkelegheita.

Hurlen vil ikkje kommentere
DIV Group sin talsmann vil ikkje no namngi banken dei meiner tok i bruk ulovlege midlar for å fryse kontoane deira, men viser til «the local savings bank».

Tidlegare har Tomislav Debeljak sjølv peika på syndikatet leia av Sparebank 1 SMN, der også Sparebanken Sogn og Fjordane og GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) var med.

Jan Rune Hurlen, som leiar Sparebank 1 SMN si næringslivsavdeling på Sunnmøre, seier til NETT NO at han ikkje vil gå inn i ein diskusjon med Div Group om saka, og avslår å kommentere. Heller ikkje i sommer ville Hurlen kommentere trugsmålet om søksmål, men fortalde at banken sa opp låneavtalen med Kleven Verft på grunn av misleghald.

I beretninga frå bustyrar går det fram at verftselskapet hadde sine kontoar i sparebanken. Bortsett frå konto for skattetrekk og ein velferdskonto, var desse tomme ved konkursopning.

DIV Group hevdar at dei oppfylte sin del av avtalane, og at dei utover å betale kjøpssummen, hadde sikra arbeidskapital for verftet ut 2020.

Bustyrar kjent med påstandane
Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortel at han er kjent med påstandane frå Div Group, men han ikkje vil kommentere dei før buarbeidet er ferdig.

– Vi har hatt digitale møter med DIV Group og dei andre partane i saka. Vi har også gått gjennom det vi har av korrespondanse på elektroniske plattformar i denne perioden. Det vi har spora opp, har revisor gått grundig gjennom, fortel Hamre.

Etter at bustyrar og burevisoren er ferdige med sine rapportar, vil Div Group som konkursdebitor få kommentere den – før ein endeleg versjon ligg føre.

Les også: Snur kvar stein i Kleven-konkursen

Kleven-dramaet dominerte mest lest-lista 2020

Div Group-eigar slår tilbake mot bankane

Kleven-eier avviser påstander om trakassering

Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk: – Han kan gjerne prøve

Div Group-eigar slo seg opp på skruar


Sjølve kjernen i det vi vurderer er styret og leiinga sine roller og handlingar

Publisert: 05.02.2021 11:00

Sist oppdatert: 16.05.2021 13:12