Har kasta korta i Axxis
SEISMIKK: Jogeir Romestrand hadde lenge stor tru på nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions. No har han seld seg heilt ut.
Nytt

Har kasta korta i Axxis

Jogeir Romestrand var ein av gründarane i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions. No har han seld seg heilt ut.

25.12.2019
Vesle julaftan selde Romestrand alle aksjane i selskapet gjennom sitt eige investeringsselskap Rome.
Romestrand var før salet den tredje største aksjonæren i nodeseismikkselskapet, men selde måndag alle sine 3.699.257 i Axxis-aksjar
Nedsalet skjedde berre få dagar etter at ein annan Axxis-topp, Arne Blystad, selde alle sine aksjar i Axxis.
Og same veka gjekk styremedlem Andreas Pay ut av styret, berre seks veker etter at han vart vald inn.

Sunnmørs-aksjonærar

Nodeseisimikkselskapet er i alvorlege økonomiske problem etter at ein kontrakt i Midt-Austen er utsett.
Selskapet gjekk på børs i juli etter ein emisjon der ei rekkje sunnmøringar teikna seg for aksjar i selskapet, blant anna Roger Halsebakk gjennom sitt investeringsselskap Ronja Capital.
Finansdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital er no ein av styremedlemane i selskapet. Det skjedde etter at Axxis henta inn 225 millionar friske kroner etter ein emisjon til seks kroner akjsen, mot tjue kroner ved børsintroduksjonen.

Havila-satsaing

Etter emisjonen vart Sævik-selskapet Havila Holding største aksjonær. Totalt har Sævik-familien satsa over 70 millionar kroner i Axxis.
Ei fersk aksjonæroversikt viser at ABG Sundal Collier har hamstra aksjar i det siste, og sit på rundt 10 prosent av aksjane.

Store svingingar

Før Jogeir Romestrand selde seg heilt ut, steig aksjen med rundt 45 prosent måndag, og var lenge børsvinnar. Men gjennom Romestrands-salet fall kursen tilbake til 86 ører aksjen, noko som prisar heile selskapet til 50 millionar kroner.
Ei rekkje lokale selskap har levert utstyr og tenester til Axxis. Blant anna har selskapet leigd inn skip frå Havila Supply og Sanco Shipping.
Selskapet har også kjøpt nodeutleggingsutstyr frå Evotec, eit selskap der Jogeir Romestrand nyleg overtok som toppsjef.

Publisert: 25.12.2019 09:37

Sist oppdatert: 09.06.2021 16:03