Jogeir Romestrand (t.v.) Håvard Haanes entec foto marius
LOGOEN PÅ PLASS: Jogeir Romestrand (t.v.) og Håvard Haanes har samarbeida sidan Romestrand tilsette gjerdsvikingen som salssjef på Odim i 1997. No skal dei jobbe saman som styreleiar og dagleg leiar i Entec Group. Torkjell Ringstad frå Evotec (med ryggen til) er assistent for anledninga. 
Nytt

Har plan om å vekse til ein «betydeleg industriell aktør»

Håvard Haanes og Jogeir Romestrand er sentrale når Entec Group riggar seg for vekst. Men det er ikkje eit forsøk på å skape eit nytt Odim, påpeiker Romestrand.

Marius Rosbach
08.06.2019

Denne veka vart det kjent at Evotec kjem inn under paraplyen til Entec Group, saman med Brimer og Servitech. Dermed er Entec i Ulsteinvik eit konsern med tre heileigde driftsselskap.

nettnohalf

Til saman har selskapa kring 170 tilsette og ein omsetnad på kring 300 millionar. Målet er å vekse både når det gjeld folk og ulike marknader.

– Vi ønskjer å bygge eit større og sterkare konsern basert på Sunnmøre, og vi har ambisjonar om å verte ein betydeleg industriell aktør, fortel administrerande direktør Håvard Haanes i Entec Group til NETT NO.

Trur den maritime nedturen er over
Entec Group vert eigarselskapet og Haanes er framleis dagleg leiar i Brimer og Servitech. Det har han vore sidan samanslåinga av dei selskapa i fjor. Steinar Abelvik med bakgrunn i Kongsberg-systemet, har dei siste åra vore dagleg leiar i Evotec.

nettnohalf

– Vi meiner timinga er viktig. Det er vanskeleg å seie om det vert så fantastisk framover, men vi trur den maritime bransjen har dei tøffaste åra bak seg, held Haanes fram.

Les også: Evotec inn i Entec Group

Jogeir Romestrand kjøpte Evotec etter at Kongsberg vart tvungne til å selje grunna konkurranseforhold. Samstundes som Romestrand var ute etter nokon som stod sterkare på servicedelen, søkte samanslåtte Brimer og Servitech samarbeid med ein større utstyrsleverandør, fortel Haanes.

– Vi kallar det enkelt for Entec, der «En» står for «environment» og «tec» for «technology». Så har vi staka ut ein kurs for korleis vi kan bygge eit større konsern, seier han.

Les meir: Kongsberg-gevinst på Evotec-sal

Jogeir Romestrand kjøper Kongsberg Evotec

Starta saman i Odim
Romestrand og Haanes har ei lang historie med ulike samarbeid bak seg. Romestrand har mellom anna vore Haanes sin styreleiar i Brimer, og dei har vore saman i styret til IL Hødd. Det starta heilt tilbake ved Odim-eventyret.

– Håvard og eg jobbar godt i lag og utfyller kvarandre. Eg tilsette Håvard som salssjef i Odim i 1997, seier Romestrand.

Odim-bedrifta vart kjøpt av Rolls-Royce Marine, og sidan Kongsberg. Etter at Odim vart kjøpt opp i 2010, gjekk fleire tilsette ut og starta Evomec, som seinare vart til Evotec.

– Fleire bein å stå på
Romestrand meiner det ikkje er rett å samanlikna Entec-satsinga med Odim.

nettnohalf

– Dette er ikkje eit forsøk på å skape eit nytt Odim. Tidene forandrar seg og vi må forandre oss med dei. Eg driver med investeringar og då byr det seg ulike mulegheiter. Det fine med Entec er at vi har fleire bein å stå på, også ser vi synergiar ved å samordne ein del ting, seier han.

Evotec er store på vinsjeløysingar, Brimer lagar kar og tanker i komposittmateriale og Servitech har si styrke på maritime røyrinstallasjonar.

Meir om selskapa: Brimer over kneika

God start for 'nye' Evotec

Sterk vekst for femåringen Servitech

Vil oppbemanne i Ulsteinvik
Entec-logoen er i desse dagar på veg opp på «Evotec-bygget» i Saunesmarka. Der er herifrå dei ser føre seg at mange av dei nye arbeidsplassane vil kome. Her har dei også god plass i produksjonshallen.

– Vi vil auka bemanninga her. Det vil vere snakk om ingeniørar, prosjektleiarar, servicefolk og andre tilsette, seier Romestrand utan at han vil talfeste det i pressa.

Axxis Geo Solutions: – Perfekt timing for børsnotering

Vatn, avløp og meir service
Konsernet vil ha ein maritim divisjon og ein prosessdivisjon Men dei tre selskapa skal halde fram som eigne varemerke og driftast som før. Skilnaden er vekstambisjonane.

– Vi har som ambisjon om å bli marknadsleiar i dei segmenta vi er inne i. Vi ser vi vekst i meir eller mindre alle område Evotec er inne på. Til dømes ser vi også vekst på kommunalteknisk sektor med reinsing av vatn og avløp. Der har vi unik teknologi med Brimer og Servitech, seier Romestrand.

Service er eit anna utpeika vekstområde, der særleg Servitech i større grad vil drive oppfølging i tillegg til å installere utstyret.


 Vi trur den maritime bransjen har dei tøffaste åra bak seg

Publisert: 08.06.2019 05:56

Sist oppdatert: 13.02.2022 18:22