Har seld Froeyanes til Russland
Nytt

Har seld Frøyanes til Russland

Ervik Havfiske har seld linebåten Frøyanes til eit russisk selskap.

17.04.2020
Det stadfestar konsernsjef Stig Ervik i Ervik Havfiske til
Avisa skriv at då Frøyanes vart døypt i november 2011 vart det nye superskipet kalla kongen på havet. Longlinaren var i fleire år det største og mest moderne autolinefartøyet i den norske fiskeflåten. Dette var blant anna den første fiskebåten med elektromotordrift.
– Det har lege i korta lenge at vi skulle selje denne etter kvart som vi har fornya flåten dei siste åra. Vi fekk eit godt bod frå eit stort reiarlag frå Russland som driv både med line og trål. Dermed kunne vi ikkje seie nei til å selje, seier Ervik, til avisa.

Bra betalt

Ervik vil ikkje ut med kor mykje dei har fått betalt for den 60 meter lange båten. Men han seier til Fjordenes Tidende at dei har fått meir enn det det kosta å bygge båten. Då båten var ny i november 2011 kosta den rundt 170 millionar kroner.
Frøyanes skal leverast til dei nye eigarane 4. eller 5. mai. Den blir seld utan kvotar, og mannskapet som er på Frøyanes blir flytta over på andre båtar i Ervik-gruppa.

Publisert: 17.04.2020 10:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56